Lanserer ti bod for betre integrering
Utval vil gjera det lettare folk flyktningar å jobba og setja strengare krav til trussamfunn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil forby niqab og delte symjetimar
– Noko av det viktigaste me føreslår er fleire tiltak for å få folk i jobb, seier Sveinung Rotevatn (V) til Framtida.no.
Han har vore med i utvalet til Tankesmien Agenda saman med fleire andre sentrale folk frå sentrum og venstre i politikken og fleire leiande forskarar.
– Flyktningar som mest sannsynleg får opphald i Noreg, må få arbeidstillating tidlegare, slik at dei kan få høve til å jobba, seier Rotevatn (bildet). Han seier han reknar med at regjeringa kan vera skeptisk til dette, sidan nokon kan hevda at dette kan vera med å dra folk til Noreg.
– Me vil difor reservera dette til dei som mest sannsynleg vil få opphald i Noreg, som til dømes folk frå Syria. Det verste som kan skje, er at dei har bidrege til samfunnet medan dei har vore her.
Utvalet ønskjer òg å bruka lønnstilskot meir for å få flyktningane ut i arbeid.
LES OGSÅ: – Å jobba frivillig er den beste måten å bli integrert på
Vil forby nikab og kjønnsdelt svømming
Sveinung Rotevatn er tidlegare kjent for å leggja fram ei liste over forbod han vil fjerna. I dag stiller han seg bak å forby bruk av niqab i skulen, i offentleg sektor og i kontakt med offentlege organ.
– Det er ein krevjande debatt. Men eg meiner at full forkledning er med på å hindra mellommenneskeleg kontakt.
Han stiller seg òg bak eit forbod mot kjønnsdelt symjeundervising.
Utvalet føreslår elles blant anna:
– å styrka deltakinga i frivillige organisasjonar heilt frå starten når flyktningane kjem til Noreg.
– ei meir aktiv formidling av felles verdiar, som likestilling, ytringsfridom, solidaritet, vitskapeleg tenkemåte via barnehagar, skular og integreringsprogram
– desentralisering av UDI og raskare behandling av asylsøknader
Faktaboks
TI BOD FOR BETRE INTEGRERING:
1. Integrering frå dag éin
2. Rask og spreidd busetting av flyktningar
3. Felles verdiar for alle
4. Alle må delta
5. Betre kvalifisering for innpass og utvikling i arbeidslivet
6. Arbeidslinja skal styrkast
7. Bruk skolen, den viktigaste integreringsarenaen vår
8. Betre tilbod og tydelegare forventningar til religiøse trussamfunn
9. Nulltoleranse for rasisme, diskriminering og hatkriminalitet
10. Aldri parallellsamfunn