Kan hjernen bli full?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein bil som køyrer E6 på veg til Trondheim sit me der, tre stykk som var i starten av tenåra i 2002. For den lange turen har me funne fram ein CD med dei samla hit-låtene frå det året. Og me syng av full hals til Sophie Ellis-Bextor sin «Murder On The Dancefloor».

Og så syng me om Bompibjørnar, og om at Daniel Bedingfield håpar at akkurat du skal vera den han kan dela livet med.

Eit openbart spørsmål blir hengande i lufta: Kor mykje hjernekapasitet brukar me eigentleg på å hugsa alt dette?

LES OGSÅ: Krympar hjernen med lite søvn

Eit tøyeleg tak
Svaret kan hjerneforskar Jon Storm-Mathisen ved Universitetet i Oslo komma med. Han flirer litt når han høyrer spørsmålet, og fortel om minner frå sin eigen barndom.

– Eg hugsar far min las høgt frå «Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige» av Selma Lagerløf. Om Nils som reiste gjennom Sverige på ryggen til ein tamgasse, leia av sjefsgåsa Akka som visste alt mogleg. Når Nils spør korleis ho kan hugsa alt dette, svarar ho at det er slik med hjernen at det blir meir plass di meir du puttar inn. Der har du svaret ditt, seier Storm-Mathisen.

For ifølgje han er det omtrent slik det fungerer – hjerna blir ikkje full, men «veks» etter kvart som ho vert brukt.

– Det kan henda det er eit tak, men dei aller fleste når aldri det taket. Eg trur og taket er tøyeleg, og jo meir du arbeider med hjernen, jo meir lagringsplass får du, utdjupar Storm-Mathisen.

LES OGSÅ: Nynorsk som hjernetrim

Som å sykla
Det er noko rart over det å hugsa «Murder On The Dancefloor» krystallklart etter mange år, medan historia med alle årstala du bruka så mange timar på, aldri fekk tak.

Det å dra fram gamle sangtekstar kan samanliknast med å sykla i måten du hugsar det på. Det er fordi det er omtrent slik.

– Om ein høyrer, og i sær om ein sjølv syng, ein sang mange gonger blir det sitjande, spesielt om det skjer i ung alder. Det blir ei ferdigheit du har – litt som å sykla.

LES OGSÅ: Lær eit språk – hald hjernen yngre

Hugsar på fleire måtar
Me hugsar nemleg på fleire ulike måtar, som aktiverer ulike deler av hjernen. Me lærer motoriske funksjonar, som til dømes sykling, med ein bit. Og så blir fakta og minna frå det første kysset eller kva du gjorde i går lagra ein anna stad.

Storm-Mathisen fortel at det å læra sangtekstar på denne måten havnar ein stad mellom ferdigheiter og fakta.

LES OGSÅ: 32 millionar til forsking på ADHD og autisme

Google-effekten
I dag treng me ofte ikkje hugsa like mykje som me gjorde før. Lurer du på teksten til den nye Taylor Swift-låta er den som oftast berre eit klikk unna. Det har fått mange til å tenkja at me ikkje hugsar like godt som me gjorde før, og at Google har blitt ei krykke som eigentleg gjer oss dummare.

Storm-Mathisen meiner me ikkje vert dummare av nettet  – me lærer berre litt annleis.

– I staden for å hugsa alt lærer me oss heller metoden for å finna ut av det. Det å søka på Google er og ei ferdigheit. Utfordringa er å skilja mellom viktig og tull, å gjera informasjon om til kunnskap.

Om du vil ha ei enkel forklaring på kva Google-effekten er, kan du sjå denne videoen frå BrainCraft: