Ikkje berre «flinke piker» som slit

Ei av fire jenter i tiandeklasse har depressive symptom. Men ungdom som slit psykisk er ikkje så veltilpassa som media gjev inntrykk av, ifølgje forskar.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ungdommane som slit mest med psykiske plager, trivst dårlegare på skulen, dei gjer mindre lekser, skulkar meir og siktar seg i mindre grad enn andre inn mot høgare utdanning, påpeikar Anders Bakken, prosjektleiar for Ungdata i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Elevar med dårlege karakterar mest mobba

Jentefella
I dag vert årets nasjonale ungdatarapport lansert på Kunnskapskonferansen under Arendalsuka.

Forskarar ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA), ved Høgskolen i Oslo og Akershus har teke for seg svara frå 110.000 ungdomsskuleelevar i perioden 2012-2014.

I fjorårets rapport kom det fram at norsk ungdom er edru, pliktoppfyllande og veltilpassa, men samstundes er stressa og slit psykisk.

Årets rapport bekreftar dette inntrykket, men avkreftar myten om at det i størst grad er veltilpassa, flinke og ambisiøse ungdommar som sliter mest psykisk. Dei nye tala syner at det er dei dårlegast integrerte i skulen, familien og på fritidsarenaen som oftast har dårleg psykisk helse.

Psykiske plagar er eit alvorleg og aukande problem, som berre vert større gjennom ungdomsåra.

Blant jenter i tiandeklasse og i vidaregåande svarar nesten éin av fire jenter at dei er så plaga at forskarane ser på dette som teikn på depressive symptom.

Gutane slit i mindre grad psykisk, medan det for kvart klassetrinn vert to til tre gangar så mange jenter som gutar som er plaga.

LES OGSÅ: Go Campus hjelper personar med psykiske lidingar å ta høgare utdanning

Negativt sjølvbilete
Blant dei jentene som slit mest, er det kun éi av tre som er nøgd med seg sjølv, noko som for mange handlar om utsjånad.

Prosjektleiar Bakken meiner difor me bør sjå nærare på dagens kroppsideal for å forstå kvifor så mange unge jenter sliter med psykiske helseplager.

Psykiske plager går ofte hand i hand med fysiske. Mange slit med hovudverk, magevondt og smerter i nakke, skulder, ledd og muskulatur. Her er det òg slik at jentene og at tala aukar kraftig gjennom ungdomsåra.

Ei av fem jenter bruker reseptfrie medikament som Paracet eller liknande ein gong i veka eller oftare. Det same talet for gutar er ein av ti.

LES OGSÅ: Deppa jenter har mest fysisk vondt

Medievridning
Dagens ungdom vert kjenneteikna av at dei i stor grad er nøgd med foreldra sine, er lovlydige og rusar seg mindre enn før.

Dei med flest psykiske plagar har dårlegare relasjonar til foreldra, færre vener, vert oftare mobba og likar seg dårlegare i lokalmiljøet enn dei med god psykisk helse. Dei har òg i større grad delteke i kriminalitet og bruker meir rusmidlar.

Prosjektleiar Bakken bekreftar at det òg finst velintegrerte og ambisiøse ungdommar som slit, men meiner desse har fått litt for mykje mediemerksemd.

LES OGSÅ: Helsesøstrene meiner pengane ikkje kjem fram

Kommuneansvar
Sjølv oppsummerer prosjektleiar Bakken rapporten slik:

–  Alt i alt viser dette kor viktig det er å styrke det førebyggjande arbeidet som skjer lokalt, og at førebygging må skje på tvers av dei arenaene der ungdom er, understrekar Bakken.