– Helvete sel ikkje

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hell doesn´t sell, skriv kunstnaren Karina Mullen på eit kvitt lerret opplyst av to lyskastarar.

– Likevel kjøper folk det kvar dag, skriblar ho vidare.

Mullen står i eit auditorium på Universitetet i Oslo (UiO). Studentane har teke sommarferie, men salen er likevel full av folk. Augo deira er retta mot ei gruppe som sit på golvet fremst i auditoriet og seier store ord, som klimaendring, transformasjon, frykt, sinne og håp.

Ekstrem dialog
Velkomen til ein ekstrem dialog om ekstremt klima på UiO. Dialogen er opptakta til den internasjonale klimakonferansen ”Transformation in a Changing Climate”, som vert halden på UiO denne veka. Konferansen samlar miljøaktivistar, forskarar og politikarar for å diskutere korleis vi kan handsame dei globale utfordringane knytt til klimaendring.

LES OGSÅ: – Skap den grøne blokka no

Selskapet opna tysdag, med ein debatt litt utanom det vanlege. Med gjestar som Raftopris-vinnar Nnimmo Bassey, statssekretær Arvinn Gadgil (SV), og forskar og forfattar i FNs klimapanel (IPCC) Susanne Moser, skulle deltakarane presse idear om løysingar på klimaendringar til det yttarste.

Starte ein ny samtale
– Målet vårt er å starte ein ny samtale om ekstreme klimaendringar, og få dei globale utfordringane nærare folk. Difor har vi også invitert nye personar, som psykologar og lokale aktivistar, til ein samtale her i Oslo, fortel prosjektleiar Linda Sygna.

Kva er så ein ekstrem dialog? Då journalist og tidlegare ankerkvinne i BBC, Nisha Pillai, vart bede om å leie dialogen spurde ho seg om det same.

– Her vil du ikkje møte eit ekspertpanel som fortel deg kva du skal meine. Her skal alle sine røyster bli høyrt, og vi skal presse ideane forbi deira logiske ytterpunkt. Hjartet og intellektet skal snakke saman, slår Pillai fast når ho ønskjer velkomen.

Ekstremt klima
Ok, vi prøver. Gruppa fremst i auditoriet er ei rekkje personar som dagleg arbeider med klima- og miljøspørsmål i mellom anna Nigeria, Pakistan og Noreg. Miljøforkjempar og Raftopris-vinnar Nnimmo Bassey fortel om ørkenar som breier seg, elver som fløymer over, oljesøl og levebrød som forsvinn i heimlandet Nigeria.

– Vi er på veg mot det ekstreme, og det får blodet mitt til å koke, seier han.

Mehjabeen Abidi-Habib frå Universitetet i Lahore, Pakistan, fortel om dei psykologiske påkjenningane for menneske i Pakistan som har mista heimane sine i flom.

– Heimen din er ein viktig del av din identitet. Tenk om Oslofjorden byrja å oppføre seg annleis enn til vanleg, og heimane langs fjorden vart øydelagt. Kva hadde de følt då? spør Abidi-Habib.

Også fylkesberedsskapssjef Haavard Stensvand frå Sogn og Fjordane er på plass. Han snakkar om då stormen Dagmar slo ut delar av fylket med vind og mykje nedbør.

– Brått fekk vi store utfordringar med til dømes å frakte pasientar til sjukehusa, sende ut informasjon og kontakte folk, seier Stensvand.

Bodskapen er klår – klimaendringar er noko som vedkjem oss uavhengig av kvar vi bur.

Samlar trådane
Kunstnar og visuell utøvar Karina Mullen har fått jobben med å samle trådane. Det gjer ho ved hjelp av to tusjar, eit kvitt lerret og eit tankekart. Det er dialogdeltakaren Idar Kreutzer i Finans Norge som sler fast at helvete ikkje sel. Historia om klimautfordringane er for håplaus.

– Likevel kjøper folk den kvar dag, føyer Mullen til med blå tusj, og siktar kanskje til menneska som ikkje kan velje vekk klimaendringane; dei fattige og sårbare.

LES OGSÅ: Borar for miljøet

Eit av måla med dialogen er å få klimautfordringane nærmare folk. Kreutzer trur hendingar som Dagmar og den nylege flommen i Kvam har nettopp ei slik effekt.

– Etter flommen i Kvam endra diskusjonen seg. Klimaendringane vart noko meir personleg, ikkje berre figurar og tal, seier han.

Snakk med naboen
Dialogen i auditoriet femnar ikkje berre deltakarane i front. Frå salen strekk gjestar frå Australia, New Zealand, Canada og Noreg hendene i vêret og fortel om frustrasjon, sinne, håpløyse og håp.

Snart får alle seie sitt, når dialogleiar Pillai ber publikum om å skrive ned sine løysingar på klimautfordringane. Store svar blir skrivne på små papirlappar og samla inn. Forslaga sprikar frå å gjere slutt på avhengnaden av fossile brennstoff, til å konfrontere mektige korporasjonar med ansvar for klimendringane. Andre forslag er ikkje like omfattande.

– Snakk med naboen din om framtida, står det på ein lapp.

– Snakk om klima- og miljøspørsmål rundt middagsbordet, står det på ein annan.

Psykolog og dialogdeltakar Cathrine Moestue er begeistra for forslaga. Ho meiner kommunikasjon er eit viktig aspekt i møte med klimaendringane.

– Sosiale normer er noko av det som har størst påverknadskraft på våre handlingar. Veit du til dømes at naboen din sparar energi, er sjansen større for at du byrjer å gjere det.

Skape endring
Arrangørane av klimakonferansen vil setje dagsorden ved å samle forskarmiljøet og snakke om endring. Dei kallar det transformasjon.

I løpet av dei neste dagane vil disuksjonane om kva for endring vi eigentleg treng florere på eit elles sommartomt universitet. Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell, miljøvernar og journalist Paul Hawken, lege og miljøførekjempar Gunhild Stordalen er blant bidragsytarane som skal kaste ljos over den usikre vegen vidare.

LES OGSÅ: – Her er dei beste klimapartia