Elevane løyste Syria-konflikten
Måndag fekk dresskledde KVV-elevar kjenna på kor vanskeleg det kan vera å sitja i FN sitt tryggleiksråd.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først i Kvinnheringen
Dei hadde førebudd seg i to veker i norsk- og samfunnsfagtimane, og måndag troppa førsteklassingane på allmennfag opp i skjorter og dressjakker. På timeplanen stod rollespel av FN sitt tryggleiksråd som skulle prøva å løysa Syria-konflikten. To og to elevar representerte alle landa i rådet utanom Rwanda, Tsjad, Luxembourg og Litauen. Syria var gjest i rådet for høvet, men hadde ingen stemmerett. Ein etter ein presenterte landa sitt syn i ei opningstale, før dei fekk kritisera kvarandre og stilla spørsmål. Til slutt skulle elevane forhandla seg fram til ei løysing. Og det klarte dei, trass i mykje frustrasjon og tøffe forhandlingar.
LES OGSÅ: FN: Filmbransjen diskriminerer kvinner
To utsendte frå FN-sambandet var til stades denne skuledagen for å styra opplegget; Arjo Kvamme og Per Henrik Stiegler.
– Syria-konflikten er veldig vanskeleg, og har vart i fire år no utan at tryggleiksrådet har klart å gjera noko. Når fem land har vetorett skal det lite til før alt går i stampe, Kina og Russland har til no lagt ned veto fire gonger. Eg synest elevane gjer ein svært god innsats, og ved å gjennomføra dette rollespelet trur eg dei får betre innsikt i konflikten og rådet si vanskelege oppgåve, sa Stiegler til Kvinnheringen.
F.v: Jonas Mehl, Amalie Røstbø, Lene Krossøy, Sigrid Heggenes Anuglen og Vegard Pedersen i forhandlingar.
Elevane tok oppgåva seriøst, og var så engasjerte i rollespelet at dei nesten ikkje ville ta pause.
– Det er ikkje lett å vera Russland! Det er vanskeleg å få folk på si side, sukka Daniel Røstbø oppgitt.
– Ja, og mange var farga av personlege meiningar oppi debatten, la Knut Erik Bjørsvik Matre til, som var Kina for høvet.
– Vi i Chile hadde ikkje mykje vi skulle ha sagt, og det var interessant å sjå kor vanskeleg det var å få gjennom forslaget sitt. Det var moro å rollespela, og spennande å få FN-sambandet hit, meinte Christine Skogseth Bjørsvik.
Lærar og lektor i samfunnsfag, Mari Teigen Varanes, skrytte av elevane sine.
– Dei er engasjerte, og har veldig gode poeng og argument. Dei svarar kjapt og godt på både kritikk og spørsmål, sjølv om det er eit vanskeleg tema. Eg er veldig imponert!
LES OGSÅ: FN vil ha fotballspelarar ut av skapet