FN vil ha fotballspelarar ut av skapet

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kom ut av skapet!

FN sin toppdiplomat Navi Pillay seier at det er einaste måten seksuelle legningar vil bli akseptert på, skriv pinknews.com. Ho kom med oppmodinga på eit SN-arrangement for likskap i idretten denne helga.

– Dei er rollemodellar, og det er viktig å senda ein beskjed til fansen, sa Pillay vidare.

LES OGSÅ: – Du treng ikkje vere skeiv for å skeive

Fleire kjem ut

Både den tidlegare Leeds United-spelaren Robbie Rogers og den tidlegare tyske landslagsspelaren Thomas Hitzlsperger kom ut som homofile i fjor, og i mai kom Michael Sam ut som homofil, den første amerikanske fotballspelaren i NFL nokonsinne.

LES OGSÅ: Skeivt blikk på ny kvardag.

– Det er ei aukande openbaring om at å kjempa mot diskrimineringa krevjer meir enn overfladiske tiltak som ikkje endrar haldningar eller tek tak i dei grunnleggande årsakene til ulikskapen, sa Pillay.

LES OGSÅ: KrFU-leiar opnar for homofilt ekteskap.

Er du einig med diplomaten? Ta diskusjonen her, eller på Facebook!