– Det er så hårreisande

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nynorsken er for vanskeleg for oss, kvifor skal me vere nøydd slita med han? spør Johan Aas, leiar i Hedmark Frp, til NRK. 

Dette er ikkje første gongen representantar frå Hedmark Frp har uttrykt misnøye med nynorsken. I fjor uttala andrekandidaten Hege Jensen at nynorsk kunne føra til ”frustrasjon, dropout og kriminalitet” blant ungdom med innvandrarbakgrunn, ifølgje Østlendingen. 

I tillegg har lokallaget Stange Frp gått ut i media og hevda at FpU har ein aksjon mot nynorsk, noko som vart tilbakevist av generalsekretæren. 

LES OGSÅ: – Det er sjeldan eg vert målbunden 

Berre bokmål?
Hedmark Frp har no levert inn eit resolusjonsforslag som skal behandlast på landsmøtet til Frp tidleg i mai.

Fylkespartiet vil ha ei folkeavstemming allereie ved kommune- og fylkestingsvalet i 2015. Då vil dei at folket skal ta stilling til om me skal gå over til å berre ha bokmål som offisielt skriftspråk, eller å ha bokmål og nynorsk, slik ordninga er i dag.

Om Noreg skulle gå over til berre eitt skriftspråk, vil Hedmark Frp at nynorsk og samisk skal verte valfag i skulen. Då er det ynskjeleg med meir fokus på dialektar i undervisninga. Om ordninga fortset som i dag vil dei uansett gjere nynorsk valfritt.

LES OGSÅ: Ein av tre vil samla norskkarakteren 

Folkeavstemming
Frp har teke til ordet for å nytte folkeavstemmingar i større grad. Aas meiner at dette spørsmålet er godt eigna til å avgjerast på denne måten.

–Det er klart det er seriøst meint, me gjer ikkje dette for moro skuld. Det er mange folkegrupper som har store problem med å tileigna seg eitt språk til, og når ein har det, får me store utfordringar, svarar politikaren til NRK.

– Folkeavstemming er kjempeviktig fordi me ynskjer å gjere kvardagen enklare for folk flest. Når me gjer det på den måten vil me få mindre dropout på skulen, me vil gjere det enklare å tileigna seg eitt språk i staden for at ein må ha fleire skriftspråk. Difor er det veldig viktig, seier Johan Aas til NRK.

– Problemet i dag er at det er pliktig at me skal ha to skriftspråk, me ynskjer ikkje å få det tredd nedover hovudet på oss. Mange, fleirtalet av Noregs befolkning, nyttar jo bokmål, kvifor kan ein ikkje berre ha det? spør fylkesleiaren, som sjølv er lærar i den vidaregåande skulen.

– Gjere verda enklare
Aas meiner òg at Mållova, som gjer at ein har krav på svar på eiga målform, er byråkratisk og unødvendig.

Politikaren har òg irritert seg over Språkrådets nettside Nynorsk øvingsrom.

– Det vert nytta så mykje ressursar på de to målføra me har. Språkrådet har eigne nettsider kor ein kan teste og sjå korleis status er på nynorsk og me nyttar rett og slett for mykje energi på det. Eg vert heilt oppgitt. At ein skal nytta pengar på noko slikt kan eg ikkje forstå. Her må me gjere verda enklare.

Lov å snakka nynorsk
Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, trur nesten ikkje sine eigne øyrer når ho høyrer forslaget frå Hedmark Frp.

– Det er litt vanskeleg å svara på dette, for det er så hårreisande. I praksis vil dei då forby nynorsk, så i praksis vil det å innføre berre eitt skriftspråk i Noreg innebere at ein fjernar nynorsk, seier Tennø til NRK.

Fylkespartileder Aas strekar under at dei ikkje vil innføra noko nynorskforbod.

– Me vil jo at folk som snakkar nynorsk i dag, dei må sjølvsagt få lov til det. Men dei som ikkje gjer det, dei må jo få lov til å nytta si dialekt.