Dei beste elevane har høgt utdanna foreldre
Det syner karakterstatistikken og resultat frå nasjonale prøvar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Statistikken over karakterar i grunnskulen og nasjonale prøvar viser at utdanningsnivået til foreldra betyr mykje for prestasjonane til barna, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).
Uavhengig av prøve og skuletrinn er elevar med høgt utdanna foreldre overrepresentert på nivåa over gjennomsnittet. Engelsk er prøven som gir minst forskjell i resultat mellom elevgrupper, men også her ser SSB ein klar samanheng mellom utdanninga til foreldra og høgste meistringsnivå allereie på femte klassetrinn.
LES OGSÅ: Regjeringa vil gjera meir for elevane som lærer mest
Det er små forskjellar i resultata mellom kjønn. Jenter har ein tendens til å prestere betre på leseprøven, mens gutane har litt betre resultat i rekning. Elevar frå sentrale kommunar skil seg ut og er overrepresenterte på dei høgste nivåa. Her trekkjer spesielt Akershus og Oslo snittet opp, saman med blant anna Rogaland, Hordaland og Sør-Trøndelag.
Elevane på femte klassetrinn har prøvar i lesing, engelsk og rekning, og resultata blir presentert på tre meistringsnivå. Elevane på åttande trinn har prøvar i same emne, og her blir resultata presentert på fem meistringsnivå.