Berekraftmisjonæren

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Niels Peter Flint er busett i Paris, og dei siste tretti åra har han jobba med berekraftig design og arkitektur. Han er overtydd om at me må leva enklare liv – som han også trur er meir interessante og artigare liv. 

LES OGSÅ: Stor draum i mikrohus

Forkvakla system
– I staden for å kjøpa blomar til kjærasten din, så gir du ein massasje eller lagar god mat. Eller kva pokker. Om du kjøper ein bukett med roser i butikken i dag, er den meir giftig og problematisk enn ein plastpose. Det er små ting me gløymer, seier Flint når han er i Hurdal kommune for å snakka om «micro-living» på Sustainable Valley – Hurdal sin berekraftige festival.

Han reiser fleire stader i verda for å fortelja om ein ganske annleis måte å leva livet på – som ikkje inneberer stort forbruk og mange kvadratmeter. Eit levesett  som er spesielt langt unna kvardagen til mange nordmenn.

– De har moglegheitene, de er vande med naturen, seier dansken om nordmenn.

– Alle går på ski og har èi hytte på fjellet og èi ved sjøen. De er enormt priviligerte samanlikna med resten av verda, men likevel har de klart å skapa ein infrastruktur og nokre system som er heilt forkvakla, legg han til.

Noreg kjem heller ikkje til å ha dei pengane me har hatt om nokre år – oljebransjen er allereie i krisemodus. Og det er unemnelege summar som må til for å reparera skadane som er gjort.

– Det beløpet som skal til for å betala for forureininga som er gjort, er så stort at det ikkje kan uttalast ein gong, seier Flint bestemt.

– Og det er din generasjon som må betala den rekninga, legg han til, medan han peikar på journalisten (25).

LES OGSÅ: CO2 forsurar livet til havdyra

Luksuriøs løysing
På den knappe halvtimen Niels Peter Flint brukar på å snakka om klima og micro-living med Framtida.no, blir det klart kva han vil sjå meir av: Deling.

Spesielt snakkar han varmt om felles badehus.

– Utgangspunktet er at ting skal vera betre. Mange meiner bestemt at dei ikkje vil dela toalett med andre, men sjå på dei der borte, seier Flint, medan han peikar på ei rekke blå utedassar, leigd inn i høve berekraftig festival i Hurdal.

– Det er det mest ulekre ein kan tenka seg. Det brukar folk i staden for at det skal stå eit flott badehus der, med eit komposthol som ein kastar sagmugg i så det ikkje luktar.

Det er avgjerande at me deler meir, meiner Flint. Men han er klar over at endringane som må gjerast ikkje alltid er enkle.

– Det krev litt sjølvtillit og vilje. Men alternativet er, om du spør meg, sjølvmord. Me er tvungne til å gjera noko dramatisk, ting har blitt så kompliserte i dag.

Likevel er han overtydd om at den store forandringa ikkje treng å vera eit offer.

– Eg, personleg, tykkjer ikkje livsstilen me har i dag, med kjernefamilie, stort hus og bil, er interessant. Eg tykkjer ikkje det store, gamle huset til mor mi er interessant, der ho har alle tenkjelege problem med både einsemd og vedlikehald – problem ho hadde sloppe om ho hadde gjort som eg foreslår, og flytta inn i eit mikrohus. Då hadde ho hatt det kjempehyggeleg, samstundes som ho hadde hatt sjansen til å vera åleine når ho ville det.

– Du skal ikkje eta mindre, berre annleis. Mindre kjøt, ja. Men det bør du gjera uansett, fordi det er usunt, legg dansken til.

LES OGSÅ: «Shit, dette kjem til å skje»

Ei personleg klimakvote
Idéen om å dela tillét Flint seg å strekka langt.

– Me har ei felles ressursmengde. Sjå føre deg at kvart menneskje har ein liten del av det heile, og at me i denne delen av verda har noko mindre igjen, sidan me allereie har brukt så mykje. På same måte som me har klimakvoter burde me ha personlege kvoter, meiner Flint, som likevel er uviss på om det let seg gjera på denne måten

På spørsmålet om det er for seint å stoppa klimaendringane er svaret eit klart «ja» – dei er allereie her, og det er heller ikkje noko poeng i å diskutera om dei er menneskjeskapte eller ei naturleg utvikling. Men personleg har han vanskeleg for å sjå føre seg at me ikkje har vår del av skulda.

Alt er likevel ikkje omringa av ein eim av svovel – Flint har trua på positiv endring.

Ikkje treng me å kutta ut olja på dagen heller.

– Ein ting me må gjera – og eg forstår ikkje kvifor Noreg ikkje har gjort det enno – er å bruka olja me tek opp til gjenbrukbare materiale. Du kan ikkje stoppa oljebransjen, og det er ikkje sinnsjukt å ta opp olja, sidan me stadig treng meir plastikk. Men om plast blir brukt på rett måte kan du bruka den igjen og igjen og igjen.

LES OGSÅ: – Dårleg debattklima om klima