Politikk og samfunn

Straff eller hjelp til unge kriminelle?

Høgre føreslo «barnefengsel» og ønskjer å setja fotlenkje på barn og unge, men har desse politikarane verkeleg tenkt over korleis dette forslaget kan bli til ungdommane sitt beste? spør Lena Rydland (15)

Lena Rydland (15)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett til nynorsk av redaksjonen.

I det siste har det vore mykje i media om at ungdomskriminaliteten blir stadig større i landet. Regjeringa gav klart uttrykk for at dei har lite kontroll over dei stigande tala.

«Barnefengsel»

No har partiet Høgre komme med eit forslag, som visst skal redusera den negative trenden. Dei føreslo nemleg å opna «barnefengsel» og ønskjer å setja fotlenkje på barn og unge, som er på sånne institusjonar.

Med desse tiltaka meiner dei at dei kan få ned trenden, som er ei auke på 28 prosent politimelde lovbrot av unge frå året 2022 til 2023.

Men har desse politikarane verkeleg tenkt over korleis dette forslaget kan bli til ungdommane sitt beste?

Høgres barnevernspolitisk talsperson, Tage Pettersen, har uttalt seg til TV 2 at institusjonane dei ønskjer å laga til, skal likna på dagens barnevern og skal halda kriminelle barn og unge innelåste. Partiet føreslo altså å isolera unge menneske frå samfunnet.

Betre psykisk hjelp

Eg meiner at desse ungdommane heilt sikkert har problem frå før av, og derfor ikkje treng at politi/barnevern strør endå meir salt i såret.

Det kriminelle som barn og unge gjer oppstår ofte av ulike årsaker, som til dømes ei vanskeleg tid dei går gjennom på tidspunktet.

quote-left

Desse barna og ungdommane burde få betre profesjonell psykisk hjelp

quote-right

Hos nokre ungdommar tek det psykiske så stor kontroll over dei, at dei utfører straffbare handlingar fleire gonger. Derfor synest eg at desse barna og ungdommane burde få betre profesjonell psykisk hjelp, som kan hjelpa dei med å komma seg ut av den vonde sirkelen.

Eg trur altså meir på profesjonell hjelp enn straff for dei unge.

Barn og unge under 18 år er endå i utvikling psykisk, og derfor er det alltid ein sjanse for dei å forbetra åtferda si. Forslaget om å stenge inne barn og unge med kriminell bakgrunn meiner eg absolutt ikkje er eit alternativ, då dei ungdommane kan sjå svart på framtida og høvet sitt til forbetring.

Rusrelatert

Ein del av kriminelle ungdommar er i rusmiljøet, og får straffene sine på grunn av å anten selja eller bruka ulovlege rusmiddel.

I Høgres politikk står det at «dei som slit med rus skal få hjelp, ikkje straff».

Det å nytta seg av eller bera på rus er straffbart. Og igjen, partiet føreslo å isolera barn og unge som utfører straffbare handlingar.

quote-left

Vil dei at berre dei ungdommane som slit med rusmiddel skal få hjelp?

quote-right

Betyr det, at Høgre motseier seg sjølv i forslaget sitt til politikk? Eller vil dei at berre dei ungdommane som slit med rusmiddel skal få hjelp, og at alle andre skal bli innestengt?

Vis til rapportar

Ifølgje Barnekonvensjonens punkt 39, skal alle barn ha rett til hjelp viss dei har opplevd noko vanskeleg eller skadeleg. Barn og unge som får straff for å driva med rus i dag kjenner seg uønskt, og det å stengja dei inne vil forsterka desse kjenslene. Sjølv om dei kanskje til ei viss grad hadde fått hjelp under «fengslinga», vil ikkje isolasjon hjelpa på å løfta dei opp så mykje meir.

Eg har prøvd å finna data som viser at slik innestenging av barn og unge gir ein positiv effekt og utfordrar derfor Høgre til å visa til underbyggjande rapportar forut for eit slikt politisk vegval. Eg tek det for gitt at ansvarlege politikarar ikkje innfører eit slikt tiltak, utan at det er behovsprøvd.

Ingen har godt av isolasjon

Eg meiner at ingen har godt av å vera isolerte frå eit samfunn på nokre måtar. Mange hadde kjent seg som «hundar i bur».

Barn og unge har eit ekstra stort behov for å bli høyrd og sett, og dei har retten til det.

Årsaka til at Høgre føreslo å isolera kriminelle ungdommar er at dei kan vera ein fare for samfunnet, og at dei skal komma ut av dei såkalla «forvaringsinstitusjonane» som gode borgarar.

Ein god samtale med ein person som har fagleg kunnskap er ofte mykje betre enn å bli straffa.