Identitet

«Snart er alle spor etter ei eiga follodialekt borte»

Kan me stoppe måldauden, eller er det naturleg utvikling at alle austlendingane blir assimilerte inn i éin identitet? spør dialektaktivist Sigrid Sofia Grip Skovly (23).

Sigrid Sofia Grip Skovly (23)
Masterstudent og dialektaktivist
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Då jarnvegen opna til Ski i 1879 var det store hamskiftet på Follobygdene eit faktum.

Den vesle bygda på Ski voks til eit viktig knutepunkt. Folk frå heile Austlandet flytte til Ski og den gamle bygdeidentiteten vart bytt ut med ein byidentitet lik Oslo.

I dette hamskiftet hadde den gamle folloidentiteten låg status. Til og med uttala av Follo, med to tronge o-ar, Fólló, vart trengt bort med Fålló.

Eit lite tal gamlingar

Alt for 100 år sidan var follomålet på veg bort på mykje av Follo, for 50 år sidan var det heilt borte frå dei nordre delane av distriktet og i dag er det berre eit knippe gamle på grensa til Austfold som enno talar follomålet.

Snart er alle spor etter ei eiga follodialekt borte og med henne forsvinn ein viktig del av både identiteten og historia vår! Men kan me gjera noko for å stoppe måldauden? Eller er det naturleg utvikling at alle austlendingane blir assimilerte inn i éin identitet?

Er det i det heile råd å berge eit målføre som berre klamrar seg til live i eit lite tal gamlingar?

quote-left

Målet må få høg status for at dei skal føre det vidare

quote-right

Det har hendt før i verda, men det krev veldig mykje arbeid. Det er heller ikkje visst at noko som funkar ein stad i verda kan funke på Follo.

Det aller fyrste ein må gjera er å dokumentere målet medan det er i live. Men kva så når dialektgruppa i Vestby historielag ikkje finst meir og alle er borte? Skal målet overleva dei neste tiåra må det koma både nettsider og læringshefte retta særleg mot unge.

Målet må få høg status om dei skal føre det vidare. For at follomålet skal kunna få dette må det bli kjempa fram av entusiastar og aktivistar i mange år og tiår. Dei må laga songar, spel og forteljingar på follomålet. Aktivitetar som marknader, festivalar, føredrag og skuledagar må koma til. 

Saman med ein ven har eg sidan 2019 lesi om og skrivi ned alt av kjelder om follomålet me har funni. Me jobbar mot ei eiga nettside om follomålet med læringsaktivitetar, slik tinndølane har gjort med nettsida ‘Målet kans’. Men follomålet treng mange fleire folk og ressursar om det skal stå dauden av. 

Austfold vs. Follo

Men kva er eigentleg follomålet?

På Follo i dag finst både tradisjonelt vestkantmål og austkantmål frå Oslo. Det siste har fleire likskapsdrag med follomålet, men dei er ikkje det same.

Saman med vestfoldmål, grenlandsmål, nord- og sør-austfoldsk og hurumsmål utgjer me den vikværske målgreina av austlandsk.

Det målføret nærast oss blir nord-austfoldsken og det kan stundom vera vanskelege å skilja dei frå kvarandre, men på austfoldsk heiter det hanses og dår, på Follo hass/hans og døre. Follomålet har -ær der nynorsken har -ar, både i verb (kallær), substantiv (guttær, kjærringær, myrær), adjektiv (vanli’ære).

quote-left

O Gunnil tok tæLablomane hass Immil og huppa bortante

quote-right

Follomålet har òg jamning, altså at to vokalar påverkar kvarandre, (en påså-påsån-påsår-påsåne, ei kaku-kakua-kakur-kakune og å kava-kavar-kava-har kava).

Sterke verb endar i fortid på -i; å eta blir å ita-iter-åt-har iti, medan å finne blir bøygt å finna-finner-fant-har fønni. Det heiter tradisjonelt har ti’i, dri’i og sli’i men «har tatt, dratt og slått» har teki over. Spørjeorda byrjar alle på h: håt (kva), håstan (korleis), hår (kvar/kor), håkken/hekken (kven).

I pronomen heiter det: je-me, du-de, han-han, ho-ho, vi-vårs, di-døre og døm-døm. Namn har òg pronomen føre seg, «O Gunnil tok tæLablomane hass Immil og huppa bortante vægaskjellet mea ‘n far sæLa tjåren».

Pendlarbygder til Oslo

Kritikarane har heilt rett, det er naturleg at follomålet døyr ut!

Heilt sidan Noreg vart lagt under Danmark har follomålet vori truga. Dersom me ikkje er i stand til å snu utviklinga no vil follomålet døy ut. Men det har vori motstand mot utvatninga på Follo før. I 1916 vart Østlandsk Reising skipa og både på Kråkstad og Vestby slutta mange seg om denne motrørsla for å kjempe mot bygdedauden og framandåket. Det vara berre i ti år, men provar likevel at det lét seg gjera berre ein hadde viljen.

quote-left

Utan eigen identitet, er Follo noko anna enn pendlarbygder til og frå Oslo?

quote-right

Om ein ikkje gjer noko held utviklinga fram og follomålet går heilt i gløymeboka. Døyr follomålet så kverv ein stor del av både kulturen, identiteten og oss sjølve.

Utan eigen identitet, er Follo noko anna enn pendlarbygder til og frå Oslo utan fastbuande?

Follomålet er den arven me har fått frå dei føre oss og me har både endra på og utvikla det i alle generasjonane føre oss. Skal me verkeleg lata den gåva gå til spille og enno lata oss styre av husmannssanden?

Kvifor vegrar du deg for å tala med hjarta og vise verda dei vakre fargane og rikdomen din, folloværing? Reis deg opp att! Tak til motmæle! Tala målet ditt!