Klima og miljø

«Så langt har du skuffa meg og tusenvis av andre unge, Støre»

Kva med å setje ned ein kommisjon som i detalj kan planlegge utfasing av olje- og gass til fordel for utbygging av fornybar energi? spør Simen Bondevik frå partiet Sentrum.

Simen Bondevik (23)
Klima- og miljøpolitisk talsperson, Partiet Sentrum
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Etter åtte år med Erna Solbergs blågrå klima- og miljøpolitikk, såg eg med stor glede og optimisme på at Noreg etter førre stortingsval skulle få ein ny og meir klimavennleg kurs.

I valkampen lova du, Jonas Gahr Støre, å vere ein klimaforkjempar som statsminister.

No ser vi med all tydelegheit at dette ikkje var noko anna enn tomme ord.

Brutal klimakrise

Du sviktar meg og alle komande generasjonar, Jonas Gahr Støre! Olje- og energipolitikken dagens regjering fører er stikk i strid med det både FNs generalsekretær, forskarar og fagfolk så ettertrykkeleg slår fast: Noreg er nøydde til å slutte å leite etter meir olje og gass.

quote-left

Havet stig, isen smeltar, naturen blir øydelagd og menneske døyr.

quote-right

Klimakrisa har brutale konsekvensar over heile verda. Havet stig, isen smeltar, naturen blir øydelagd og menneske døyr.

For å nå måla i Parisavtalen må verda halvere dei globale klimagassutsleppa innan 2030 og vere utsleppsfri innan 2050. Då vil det ikkje vere noko rom for nokon nye investeringar i kol, olje og gass.

Nektar å lytte

Dessverre verkar det som om regjeringa du leiar, Støre, ikkje har fått med seg dette. Dei lyser ut nye blokker for olje- og gassleiting i rekordfart, og avviser kvart krav om utfasing.

Uansett kven beskjeden om kor mykje det hastar kjem frå, nektar de å lytte. Sjølv når de taper i rettssystemet vårt.

quote-left

Det er vanskeleg å forstå kor denne arrogansen kjem frå.

quote-right

Det er vanskeleg å forstå kor denne arrogansen kjem frå. Fordi det er fullt mogleg å fase ut olje og gass til fordel for grøn fornybar energi. Om du vil, Støre, kunne du teke initiativ til å lage ein eigen grøn omstillingsplan for Noreg.

Kva med å setje ned ein kommisjon som i detalj kan planlegge utfasing av olje- og gass til fordel for utbygging av fornybar energi?

Klimahandling hastar. Så langt har du skuffa meg og tusenvis av andre unge, Støre. Men du har framleis høve til å snu. Du kan ende opp i historiebøkene som den statsministeren som verkeleg tok klimakrisa på alvor. Men då må du snart byrje å lytte til forskarar, fagfolk, miljøorganisasjonar og alle andre som kjempar for ein leveleg klode.