Politikk og samfunn

«Problemet mitt byrjar der alle spela du likar har forskjellige abonnement»

– Det er ikkje berre prisen på sjølve spela som stig. Det er kjøp du kan gjere i spela som gjer opplevinga betre, abonnement du kan ta, skriv Anette Fadnes Marcussen om kostnadane knytt til dataspel.

Anette Fadnes Marcussen (23)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dataspel er no større enn nokon gong. PlayStation, Nintendo, Xbox, Steam – desse er alle namn du har høyrt dersom du følgjer med i gaming-verda.

I den verkelege verda derimot, stig prisane til nye høgder. Folk klagar over matvareprisane, bustadmarknaden, prisen på plastposar. Den gjennomsnittlege gamaren vil fortelje deg om prisen på Diablo IV.

Det er ikkje berre prisen på sjølve spela som stig. Det er kjøp du kan gjere i spela som gjer opplevinga betre, abonnement du kan ta. For kvart hjørne du kikkar rundt vert eit nytt dollarteikn kasta i ansiktet ditt.

Kjøp dette, abonner på det her, og for guds skyld ikkje slutt å abonnere!

World of Warcraft er mitt første og beste eksempel. Eg må gjere det klart at eg ikkje held noko i mot WoW – at eg faktisk har kost meg litt med å spele det. Men poenget mitt står framleis: Å spele WoW utan abonnement er som å høyre på Spotify eller som å sjå på YouTube utan abonnement. Faktisk ville eg gått så langt som å seie at WoW er verre enn desse to viss du ikkje har betalt for det.

Det er fleire versjonar av World of Warcraft du kan spele, og eg skal snakke om to av dei. WoW Retail er den versjonen som alltid har eksistert – den aller første installasjonen av WoW, den som no har mest kjøp inne i spelet. WoW Classic er det WoW Retail starta som.

Over tid har WoW Retail fått tallause oppdateringar som drastisk har endra spelet, og med WoW Classic kan du gå tilbake i tid og oppleve på ny dei gamle oppdateringane. WoW Classic er WoW Retail som det var i starten, og det får i rekkefølgje gamle oppdateringar, så fans kan oppleve dette på nytt.

I WoW Retail kan du spele dei første 20 levela gratis, men så må du abonnere. WoW Classic kan ikkje spelast utan abonnement på rundt 150 kroner i månaden. Ein ting verdt å nemne er at viss du abonnerer på éin type WoW, får du bruke alle.

Det verste med WoW derimot, spesielt Retail, er alle tinga det er mogleg å betale for i spelet. Du kan betale for ein boost som direkte oppgraderer karakteren din, for å bytte rase, for å bytte namn, og sjølvsagt for klede og utstyr.

Eg har snakka med WoW-spelarar som seier at viss dei ser nokon med for eksempel ein kjøpt og betalt hest, himlar dei med augo. Det er rett og slett litt uglesett, og det tar vekk frå opplevinga av å gjere ting sjølv, verkeleg jobbe for den hesten, eller berre for å ha kome så langt i spelet.

Å bli slått i konkurranse av nokon som har betalt seg opp i level, og for våpen og rustning er flautt, og det er fælt at det er slik det har blitt.

Folk som spelar gratis ser kanskje ikkje poenget lenger, visst fleire hundre timar i spelet er det same som 100 dollar.

Dei fleste spel som vil ha deg til å abonnere er slike typar online-spel. MMORPG, kort for Massively multiplayer online role-playing game. Å abonnere på for eksempel WoW er for mange verdt det, sidan 150 kroner gir deg tilgang til alle typar WoW. Du kan spele i fleire hundre, fleire tusen timar for 150 kroner i månaden. Mange spel med berre ein pris kan ikkje bli sagt det same om. Eit spel til for eksempel ein eingongspris på 300 kroner som blir fullført på eit par timar, ville eg sagt var for dyrt. Derfor synest eg sjølve abonnementet til WoW er heilt greitt. Ein grei pris for mange timar med speling.

Det er andre kjøp inne i WoW som er vondskapen her.

quote-left

Kvart hjørne du kikkar rundt er eit nytt dollarteikn kasta i ansiktet ditt

quote-right

Eit anna abonnement er Nintendo Switch Online – eit abonnement eg har brukt i nokre år. Animal Crossing: New Horizons er eit spel eg har over 400 timar i. Heile greia med Animal Crossing er å flytte til ein ny stad, møte nye venar og renovere og pynte denne staden, og gjere den til din eigen. Du kan òg besøke andre stader som venane dine i verkelegheita har laga – med Nintendo Switch Online. Med mindre du vil sitte rett ved sidan av dei, då treng du ikkje noko abonnement.

Dette og eit par ting til er det du får i Animal Crossing: New Horizons med eit medlemskap på 500 kroner i året, eller 200 kroner i månaden. Med andre ord ikkje så mykje for prisen om Animal Crossing er det einaste du spelar. Om du spelar Mario Kart i tillegg derimot, får du alle DLC-ane gratis om du abonnerer. Med 6 DLC-ar på 250 kroner per er dette ein massiv bonus saman med online speling i Mario Kart. Om du spelar masse forskjellig er Nintendo Switch Online ganske bra.

Der problemet mitt byrjar er der alle spela du likar har forskjellige abonnement.

Sei at du likar veldig godt eit par spel som krev PlayStation Plus for å spele online – det er 200 kroner i månaden. I tillegg spelar du Animal Crossing med venane dine – det er 200 kroner til i månaden. Oppå det er du kjempeglad i WoW Classic: 150kroner til. Skal du verkeleg betale 550 kroner i månaden for alt det her? Kanskje spelar du ikkje Animal Crossing akkurat den månaden, men betalte 200 kroner likevel. For ikkje å snakke om favorittserien din på Disney+, alle filmane du hadde gått glipp av om du ikkje hadde Netflix, og Spotify som du berre må ha, for kven kjøper CD lengre?

Månadsprisar oppå leigeprisen for å bu ein stad, oppå mat og hushaldningsartiklar. Er det rart folk ikkje vil betale 4,25 kroner for ein plastpose?

quote-left

Der problemet mitt byrjar er der alle spela du likar har forskjellige abonnement

quote-right

I det minste har du gode gamle Candy Crush, ikkje sant? Der du nettopp betalte for å opne sparegrisen din. Eg spelar ein god del mobilspel oppå alt dette andre, og eg har ein tendens til å bruke litt om eg følar for det. Til og med ting som ikkje gjer noko anna enn å endre litt på utsjånaden til for eksempel karakterar, skal dei ha 120 kroner for. Eg snakkar til deg, AFK Arena.

Sjølv i mobilspel er det noko du kan abonnere på. Av erfaring er det langt ifrå like verdt det som «store» spel, men likevel.

Absolutt alt skal koste pengar, og viss ikkje blir du overvelda av reklame til du anten slettar spelet eller betalar reklamen vekk.

Det blir for masse med YouTube og Netflix og PlayStation Plus, og kanskje går du og trenar ein gong i veka, for nokre hundre kroner i månaden. Det går nesten ikkje an å bestille frå Foodora lengre, utan å gå konkurs.

Eg betalar i alle fall ikkje for den plastposen. Gjer du?