Politikk og samfunn

«Politikarane i Oslo bør bruke tid på å sette seg inn i kva unge tenker»

23. august vart rapporten Ungdomshøringen 2023: Ungdom om klima publisert. Dette meiner Chiara Tambuscio Kloster (19) om rapporten.

Chiara Tambuscio Kloster (19)
Leiar i Sentralt Ungdomsråd i Oslo
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget er ein del av forordet i Ungdomshøringen 2023: Ungdom om klima, og er gjeve att med løyve.

Det er viktig at det finst arenaer for medverknad der unge kan snakke fritt utan å vere redde for at det finst feil eller riktige svar. Ungdomshøyringa er ein slik stad – ein stad der unge kan møte opp utan å førebu seg eller ha masse kunnskap om temaet. Denne rapporten viser at ungdom som er trygge, deler ærlege refleksjonar.

Det gjer at ein i denne rapporten får eit reelt bilete av kva og korleis mange ungdommar i Oslo tenker.

Politikarane i Oslo bør bruke tid på å sette seg inn i kva unge tenker om klima og framtida. Om dei gjer det, kan dei lage ein by som dagens unge vil fortsette å bu i etter at dei har blitt vaksne. Dessverre er det mange av ungdommane som seier at dei heller vil bu i utlandet.

Ein av grunnane er at dei fryktar at det blir for dyrt å bu i Oslo.

Heldigvis viser rapporten at dei unge ikkje er så negative til framtida som mange kanskje hadde forventa. Dei fleste tenker at noko blir dårlegare og noko blir betre. Det må vi tenke er positivt, særleg med tanke på kor mørk verda ser ut i nyheitsbiletet.

På årets høyring var det mange ungdommar som snakka om at dei ville lære meir om klima på skulen. Dagens informasjonskaos gjer at unge får eit endå større behov for å få nøytral informasjon frå trygge kjelder. Det kjenner eg også igjen frå sakene som fremmast på Ungdommens bystyremøte – det er på skulen unge ønsker å få informasjon om viktige og vanskelege tema.

Eg håper politikarane set seg inn i resultata som presenterast i denne rapporten. Eg kjem i alle fall til å ta med meg innspela vidare i arbeidet i Sentralt ungdomsråd.

Vi skal løfte meiningane til ungdom i Oslo, og då er det også viktig at vi veit kva andre ungdom enn oss sjølv meiner.