Klima og miljø

«Regjeringa skjuler seg bak feige, falske og fossile fasadar»

Mange ungdommar kjenner seg utbrende, også i klimakampen, skriv Iris van Brunschot (24).

Iris van Brunschot (24)
Student og miljøaktivist i Spire
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Tidlegare i haust kom det fram at «unges klimaengasjement fell». At nærare halvparten av unge ikkje har tillit til myndigheitene sin klimapolitikk. At dei føler på apati og avmakt. Kanskje er det ei forbetring frå klimaangsten si stordomstid frå nokre år tilbake, eller kanskje er det at unge engasjerte møter veggen?

Å møte veggen er eit kjent fenomen. Mange ungdommar kjenner seg utbrende, også i klimakampen. Det kan ha samanheng med at vi dagleg møter på ein annan type vegg. Nemleg ein vegg av feige, falske og fossile «løysingar» når vi krev handling.

Sjølv har eg dagar eg har lyst til å krølle meg saman til ein ball og gråte. Vi er i slutten av årets psykisk helse-veke, og eg har, saman med regjeringa, nådd botnen. 

quote-left

Regjeringa skjuler seg bak feige, falske og fossile fasadar

quote-right

Vi går til botns

Nyleg lærde eg om regjeringa sine planar om undersjøisk gruvedrift. Eg følte hjartet mitt sokk 4000 meter under havoverflata saman med eit titals gigantiske bulldosar-liknande robotar på veg til å pløye opp havbotnen.

Og fleire planar drar oss langt ned i djupet. Store mengder gruveavfall skal nemleg bli dumpa i ein av våre nasjonale laksefjordar. Det er lov å vere skuffa.

Feige fasadar

Men kvifor ikkje dumpe gruveavfall i fjordane våre når dei er så store og djupe? Berre vi satsar på karbonfangst og -lagring kan vi vel halde fram og leite etter olje. Norsk olje er jo den reinaste i verda! Gir vi pengar til å beskytte regnskogen, kan vi kanskje også importere enda meir soya til fiskefôr?

Regjeringa skjuler seg bak feige, falske og fossile fasadar. Men det er ikkje berre seg sjølv dei skadar.

quote-left

Eg kan ikkje unngå å stire inn i ein mørk avgrunn

quote-right

Eg har prøvd å vere likegyldig. Eg trekker på skuldrene når folk spør korleis det går med klimapolitikken. Men eg kan ikkje unngå å stire inn i ein mørk avgrunn. Ein avgrunn så mange ungdommar no står framføre, ein avgrunn skapt av Noregs hykleri. Difor har eg valt å bli med i Spire, å dra på demonstrasjonar, å krevje eit ordentleg svar frå politikarane.

Så kanskje regjeringa ikkje fekk snakke under FNs klimatoppmøte i september, men eg vil gjerne høyre kva dei har å seie no. Viss vi har nådd botnen, så kan det vel berre gå oppover herfrå?