Klima og miljø

«Noreg forbruker ressursane i jordkloden i eit omfang som forårsakar skade»

I dag er Noregs overforbruksdag. Hadde alle land levd sånn som oss, hadde me i dag brukt opp ressursane i kloden for året.

Elise Åsnes
leiar i Spire
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er klokkeklart at Noreg ikkje gjer i nærleiken av nok for å stoppa tapet av natur.

Omfanget av naturkrisa er enormt overveldande. Den siste tida har dette endeleg fått meir fokus.

Gruvedrift på havbotnen

Me har fått servert stadig nye mediesaker om kor mykje, kor fort og korleis naturen forsvinn – bit for bit.

Samtidig har me fått nye bevis på korleis naturen vår til stadig tapar for håpet om profitt.

Motorveg gjennom Lågendeltaet. Vindmøller i reindriftsområde på Fosen. Gruvedumping i Førdefjorden. Regjeringa har gong på gong gitt oss grunnar til å tvila på at dei gjer det dei kan for å stoppa tapet av natur.

Den siste knusande beskjeden var opninga til regjeringa for gruvedrift på havbotnen. I det grøne skiftets namn vil regjeringa rasera havbotnen i håp om å kanskje finna nokre mineral som me kan bruka om nokre tiår. Det er hjarteskjerande.

Naturavtalen

Noreg forbruker ressursane i jordkloden i eit omfang som forårsakar skade i dag, og avgrensar framtidige generasjonars moglegheiter. Regjeringa anerkjenner ikkje ein gong ein brøkdel av dette alvoret i dag.

I desember 2022 vart verda samde om ein ny naturavtale. Denne avtalen skal stoppa øydeleggingane av naturen, og byrja å retta opp igjen det som allereie har gått tapt.

quote-left

Det held ikkje med store, flotte ord på toppmøte i FN

quote-right

Eg saknar sårt handling. Det held ikkje med store, flotte ord på toppmøte i FN når det ikkje blir følgt opp med ambisjonar og handling på heimebane.

Evig vekst

Me lever i ei verd som har avgrensa ressursar og gitte grenser. Samtidig ser me at økonomisk vekst konsekvent blir prioritert over menneske og miljø. FNs naturpanel er klokkeklare om at den einaste vegen ut av miljøkrisa er å forlata målet og paradigmet om evig økonomisk vekst.

quote-left

Regjeringa må setja menneske og miljø framfor håpet om kortsiktig profitt

quote-right

Økonomisk vekst føreset eit stadig aukande forbruk av naturressursar. Skal me unngå at denne dagen kjem 12. april neste år, treng me politikk som anerkjenner dette. Regjeringa må setja menneske og miljø framfor håpet om kortsiktig profitt.

Kjære klima- og miljøminister

Kjære Bjelland Eriksen. Me ventar spent på strategien for korleis Noreg skal implementera naturavtalen. De har no eit heilt unikt høve til å sikra at Noreg tek vårt ansvar, og stoppar denne enorme øydelegginga av naturen. Det er no det gjeld.