Politikk og samfunn

«Rettstryggleik kan ikkje avhenge av privatøkonomien»

Oda Lund frå Jussformidlingen meiner fleire må få tilgang på fri rettshjelp.

Oda Lund
Saksbehandlar i Jussformidlingen
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

På grunn av den spesielt store prisveksten i samfunnet er det mange som opplever at pengane ikkje lengre strekk til. Fri rettshjelp er ei offentleg støtteordning for personar som ikkje har økonomi til å dekkje kostnadar ved naudsynt juridisk hjelp.

Denne ordninga har alltid vore viktig, men i dyrtida er behovet for hjelp enda større.

Jussformidlingen er eit studentdrive gratis rettshjelpstiltak, som gir privatpersonar juridisk rettleiing og bistand. Vi opplever for tida eit høgt sakstrykk, noko som speglar behovet for juridisk hjelp i samfunnet.

Trass i det auka behovet for hjelp, er det dessverre mange som ikkje er omfatta av ordninga med fri rettshjelp. Dette er på grunn av dei strenge vilkåra som er stilt for å få slik hjelp. Fleire av dei som ikkje er omfatta har ikkje råd til advokatbistand, og slit dermed med å nå fram i rettssystemet.

Frå 1. januar 2023 er inntektsgrensa (brutto) for fri rettshjelp 350 000 kroner for einslege og 540 000 kroner til saman for ektefellar eller sambuarar.

Formuesgrensa (netto) er sett til 150 000 kroner.

Før 2022 hadde ikkje desse inntektsgrensene vore heva på 13 år, og heller ikkje vore justerte etter prisveksten elles i samfunnet.

quote-left

Fleire av dei som ikkje er omfatta har ikkje råd til advokatbistand, og slit dermed med å nå fram i rettssystemet

quote-right

Den gjeldande rettshjelpsordninga har tidlegare vore kritisert av mellom anna Jussformidlingen. Vi meiner at tilgangen på rettargangssystemet og rettstryggleik ikkje kan avhenge av privatøkonomien til den einskilde.

Dette er i strid med grunnleggjande rettsstatlege prinsipp.

Slik rettstilstanden er no kan ein stille spørsmål kring den einskilde sin rettstryggleik, særleg knytt til retten til tilgang på eit rettferdig og effektivt rettargangssystem.

Jussformidlingen har tidlegare uttala seg om forslaget til ny rettshjelpslov, og er i stor grad positiv til endringsforslaget. Forslag til endring går mellom anna ut på at det skal gjerast ei heilskapleg vurdering av inntekt og formue, der også andre økonomiske faktorar, som til dømes utgifter til born, kan trekkjast inn. Dette inneber at det er søkjaren si samla betalingsevne som skal vektleggjast i vurderinga. Det har også kome forslag om at inntektsgrensa ikkje lenger skal setjast til eit bestemt pengebeløp, men heller fem gongar folketrygda sitt grunnbeløp.

Dette utgjer i januar 2024 593 100 kroner.

Ei slik fastsetjing fører til å kravet til inntekt vert regulert etter prisveksten elles i samfunnet. Vi ser desse endringane som effektive, då dei vil føre til at ein større del av befolkninga vert omfatta av ordninga for fri rettshjelp.

quote-left

Slik rettstilstanden er no kan ein stille spørsmål kring den einskilde sin rettstryggleik

quote-right

Endringane vil også bidra til å sikre rettstryggleik for den einskilde, då ein i større grad får moglegheita til å vinne fram med rettskrava sine. I tillegg vil ei inntektsgrense som er justert etter folketrygda sitt grunnbeløp gjere lova aktuell i lengre tid, og det vil truleg vere mindre behov for lovendringar i framtida, når det gjeld inntektsgrensa.

Som jusstudentar er det grenser for kva for hjelp vi har lov til å yte, og vi opplever at klientar i ei rekkje saker har behov for meir hjelp enn det vi kan tilby. I desse sakene er det nærliggjande å undersøkje vilkåra for fri rettshjelp.

Med endringar i rettshjelpsloven vonar vi at fleire kan få den hjelpa dei treng. Jussformidlingen ser på forslaget om endring i lova som eit lite steg i rett retning.