Klima og miljø

«Låge ambisjonar er ikkje noko å vera stolte av»

«Privat kapital gjev ikkje regjeringa grunn til å klappa seg sjølv på skuldra,» skriv leiar i Changemaker, Marte Hansen Haugan.

Marte Hansen Haugan (23)
Leiar i Changemaker
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Regjeringa har gått høgt ut og skrytt av dobling i klimafinansieringa fire år før fristen. Problemet er berre at det ikkje er finansieringa som er imponerande, men at ambisjonane var altfor låge frå byrjinga av.

Dessutan er det ikkje regjeringa som har løyvd meir pengar, auken skuldast primært høg mobilisering av privat kapital.

Privat kapital til klimafinansiering er sjølvsagt veldig bra. Men det gjev ikkje regjeringa nokon spesielt stor grunn til å klappa seg sjølv på skuldra.

Nivået på Noregs klimafinansiering ligg framleis langt under det nivået som Stockholm Environment Institute estimerte at var Noregs rettferdige del i 2018, som er 65 milliardar kroner årleg.

quote-left

Ambisjonane var altfor låge frå byrjinga av

quote-right

Ei av hovudårsakene til at ein har fått til noko auka klimafinansiering er Klimainvesteringsfondet. Det nye klimainvesteringsfondet vart formelt operativt i mai 2022, og skal bidra til å få fart på den globale energiomstillinga gjennom å investera i fornybar energi i utviklingsland med store utslepp frå kolkraft og annan fossil kraftproduksjon.

Regjeringa burde følgje i fotspora til dei private aktørane som no i stadig større grad investerer i fornybar energi i utviklingsland framfor fossilt, opne sin eigen pengesekk og verkeleg sette fart på det grøne skiftet. Både i utviklingsland gjennom klimabistand og investeringar, og her heime i Noreg med utfasing av olje og gass.

Arbeidet med å mobilisera privat kapital til klimafinansiering er bra. Men dersom regjeringa sin einaste måte å følgje det opp på er å bruka endå større ord om endå mindre politisk handling, så vil vinninga gå opp i spinninga. Regjeringa må i betydeleg større grad enn i dag også vera villige til å bruka pengar over statsbudsjettet, både på klimabistand og andre former for investering i fornybar energi.