Politikk og samfunn

Lag plass – også for dei som seier nei

Oscar dos Santos Kvalsvik (23)
Sentralstyremedlem, Norsk Studentorganisasjon
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Laurdag 31. oktober 2015 var for mange ein festkveld, men for meg var det atter ein laurdag eg skulle nytte i komforten som var innan husets fire vegger. Eg tenkte på ein kommentar eg høyrde tidlegare den veka, at «det var litt sært at eg var så sosial på skulen, men blei aldri med på festar», men tankane gjekk fort over på nokre prøver eg skulle ha veka etter.

Seinare same kveld tok eg turen til legevakta heime på Sunnmøre.

Eg var sveitt, kunne ikkje puste og klamra meg til brystet. Dagen eg trudde eg skulle døy var dagen eg blei ordentleg kjent med angsten.

Angsten er ikkje lenger den nære vennen han ein gong var, men han kjem på besøk i ny og ne. Det tok nokre år før eg fant ut kvifor eg byrja å slite på skulen og starta å tvile på meg sjølv, men i løpet av desse åra trakk eg meg unna.

Det var for slitsamt å dra på bursdagar. Det var for stressande å dra til nye stader. Invitasjonane eg fekk blei færre og færre. Og eg klandrar ikkje venane eg hadde då – eg sa jo nei.

10. oktober kvart år markerast Verdsdagen for psykisk helse, og i år er temaet «Lag plass». For mange, særleg for studentar, er dette eit viktig tema å ta opp. Ifølgje SHoT-undersøkinga føler 29 % av studentar at dei saknar nokon å vere med, og 31 % av studentar melder frå at livskvaliteten er dårleg. Samstundes vert nyttige midlar for førebygging av psykiske plagar og lidingar for studentar nedprioritert, og studentar som treng hjelp står åleine.

quote-left

Å spørje nokon om å bli med på ein lunsj eller ein spelekveld vil ikkje erstatte naudsynt hjelp av helsepersonell, men det er ein start.

quote-right

Ein start for å bli rausare med kvarandre og seg sjølv, ein start for å bli kjent med nye personar, og ein start for å vere med og lage plass til andre. Særleg må eg be deg lage plass for dei som sei nei heile tida.

Det er ikkje lett å motivere nokon som slit til å bli med på noko sosialt, men ikkje gje deg med å spørje. Varmen av å bli tenkt på er mykje betre enn å kjenne at ein blir utelaten.