«Kvar vart det av gutane?»

Dei unge mennene som utvalet håpar å treffe med tiltaka som dei har lagt fram, har ikkje vore representert i utvalet sjølv, skriv påtroppande leiar i Press – Redd Barna Ungdom.

Marius Sjølyst (24)
Påtroppande leiar i Press – Redd Barna Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett tilnynorsk av redaksjonen.

Anbefalingane frå Mannsutvalet set sjølvmordsstatistikken i ein større kontekst – for statistikken har vore ein konsekvens av det større symptombiletet.

Det er forfriskande å sjå at Mannsutvalet no løftar fram problematikk som eg er sikker på at mange menn har kjent på kroppen i årevis. For mange er kanskje ikkje dei 35 tiltaka overraskande, men heller sjølvinnlysande. Gutar og unge menn har vore overrepresentert i sjølvmordsstatistikken og sjølvmord har i mange år vore leiande dødsårsaker blant unge – eg håpar dette representerer eit skilje.

«Manne seg opp»

Tiltaka Mannsutvalet har presentert er ein heilskapleg tiltaksplan for å betre gutars psykisk helse – og det verkar som Mannsutvalet har forstått det store biletet, for det er nettopp det store biletet som må forståast for å snu statistikken.

Allereie frå barnsbein blir gutar og unge menn lært opp til å følgje ei kjønnsnormativ forteljing om å måtte vere sterke, stå for ein støyt og finne seg i vanskelege situasjonar – ein må «manne seg opp». Det er sikkert mange som vil argumentere for at det framleis bør vere sånn, men statistikken i sjølvmord, rus, fengsling og vald taler for seg sjølv. Det vi har gjort til no fungerer rett og slett ikkje.

quote-left

Vi har lenge vore klar over at gutar og unge menn ikkje oppsøker hjelp

quote-right

Vi har lenge vore klar over at gutar og unge menn ikkje oppsøker hjelp, nettopp fordi vi ikkje har eit helseapparat som er tilpassa gutar. Mannsutvalet har klart å løfte fram samfunnsproblema som menn står overfor, men som tidlegare ikkje har vorte snakka høgt om.

Ingen under 18 år

Det som derimot er verd å merke seg, er at dei unge mennene som utvalet håpar å treffe med tiltaka som dei har lagt fram, ikkje har vore representert i utvalet sjølv. Den yngste medlemmen i utvalet er i slutten av 20-åra, og ingen av medlemmene i utvalet er under 18. Barnekonvensjonens artikkel 12 seier at barn har rett på å seie si meining og å bli høyrd. Derfor stiller eg spørsmålsteikn ved kvifor dei ikkje har vorte involverte i arbeidet med å lage tiltaka som skal hjelpe akkurat dei med å takle skule, eigen psykisk vanhelse og sosiale tabu – og om tiltaka kjem til å svare på akkurat det gutane sjølv slit med.

quote-left

Ungdom veit best korleis vere ungdom

quote-right

Ordtaket «kua har sjølv vore kalv» er nok kjent for mange nordmenn. Det snakkar til korleis vaksne sjølv har vore barn, og derav burde vite kor annleis livet er som ung.

Men unge menn veks opp i ei heilt anna verd enn før. Inntoget av digitaliseringa har mellom anna påverka alt frå skule til fritid, leik og venner, og problema knytt til dette er noko berre barna som veks opp i dag veit korleis opplevast. Ungdom veit best korleis vere ungdom, og det burde derfor vore naturleg at ungdommen vart involvert i å finne dei viktige svara på kva som kan hjelpe dei med å trø tilbake på rett sti, og finne igjen livsgleda.

Eit steg i rett retning

Trass sine manglar, er utvalet sin rapport eit steg i rett retning. Eg er optimistisk til at vi endeleg skal kunne klare å gi gutar og unge menn den merksemda deira problem fortener, for problema som gutar og unge menn har stått overfor i alt for lang tid har vore openberre, konkrete og tydelege. Ballen er no sparka vidare til Stortinget, og eg er spent på om politikarane våre har viljen til å prioritere gutane slik dei fortener.

quote-left

Eg er spent på om politikarane våre har viljen til å prioritere gutane slik dei fortener

quote-right

Vi treng ei langt større openheit rundt psykisk helse hos menn. Vi treng endring, og vi treng det no.

Eg håpar noverande – og alle kommande regjeringar evnar å gi det heilskaplege løftet som trengst for å løyse problema som menn står ovanfor, heller enn å tenkje på det som individuelle tiltak som kan kryssast av to-do-lista over tid. Dette bør ikkje behandlast som individuelle sigrar. Dette er eit heilskapleg problem, som treng ei heilskapleg løysing. Det tener vi alle på.