Politikk og samfunn

«Kongehuset er korkje «umoderne» eller «utdatert» – tvert om»

Dagens monarki fungerer veldig godt, og er ein viktig del av demokratiet og kulturen i Noreg, meiner Dordi Boksasp Lerum, sentralstyremedlem i Senterungdomen.

Dordi Boksasp Lerum
Sentralstyremedlem i Senterungdomen
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

På sundag fyller prinsesse Ingrid Alexandra 20 år. I framtida skal ho ein gong bli Noregs dronning og monark, og vere ein samlande leiar for heile landet. Samstundes truar fleire parti med å avskaffe monarkiet. Korleis kan ein vere så historielaus?

Frå Harald Hårfagre

Det norske monarkiet går langt attende i tid. Heilt frå då Noregs fyrste konge, Harald Hårfagre, samla Noreg på 900-talet, til kong Håkon den 7. vart signa etter unionsoppløysinga i 1905, og til dagens kong Harald.

I Noreg står monarkiet sterkt. Då NRK gjorde ei meiningsmåling blant ungdommar mellom 16 og 20 år for eit par år sidan var det under 1 av 10 som ynskja å avskaffe monarkiet. Heile 76 prosent av ungdommane ynskja kongedømet Noreg ei framtid. Folk flest er meir enn nøgde med kongefamilien vår.

Samstundes vil partiet Venstre, i tillegg til krefter i Frp, AP, Høgre og SV avskaffe kongehuset. Dei er altså i total utakt med resten av befolkninga. Kva er det som får dei til å ville fjerne ein av dei viktigaste institusjonane i det norske samfunnet?

Samlande kongefamilie

I dag har vi eit moderne monarki, der kongefamilien utelukkande fungerer som samlande for folket.

 

quote-left

Monarkiet i Noreg har heile vegen utvikla seg i takt med samfunnet elles.

quote-right

Kanskje er det akkurat i slike vanskelege tider som vi er inne i no, med forferdelege krigar i verda og dyrtid her heime i Noreg, at eit samlande monarki er på sitt viktigaste. For kongehuset er korkje «umoderne» eller «utdatert» – tvert om. Monarkiet i Noreg har heile vegen utvikla seg i takt med samfunnet elles.

Dagens monarki fungerer veldig godt, og er ein viktig del av demokratiet og kulturen i Noreg. Det er heilt utan meining å skulle fjerne noko som fungerer så godt som det kongehuset i Noreg gjer.

Gratulerer med 20-årsdagen til den Høgvørde Prinsesse Ingrid Alexandra!