«Kampen om Førdefjorden – ei styrking av naturen sitt rettsvern!»

«Naturen vår forsvinn i ei forrykande fart, og arealendringar er ein av dei viktigaste grunnane til dette», skriv Fjordutvalet i Natur og Ungdom.

Fjordutvalet i Natur og Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For to månader sidan gjekk ei historisk rettssak føre seg i Oslo tingrett, der den fornærma er jorda sin viktigaste ressurs – naturen sjølv.

Naturen sine forsvararar er miljøvernorganisasjonane Natur og Ungdom og Naturvernforbundet, og på tiltalebenken sit den norske staten, representert ved Klima- og miljødepartementet. Dommen er forventa å komme på nyåret.

Kort om saka

Sidan 2006 har gruveselskapet Nordic Mining jobba for å realisere gruveprosjektet sitt på Engebøfjellet ved Førdefjorden i Vestland. Dei ønskjer å vinne ut minerala granat og rutil. Rutil brukast i framstillinga av stoffet titandioksid, eit kvitt fargestoff som brukast i mellom anna måling, tannkrem og kosmetikk.

For dette prosjektet, fekk gruveselskapet i 2015 løyve frå Miljødirektoratet til å dumpe opp til 170 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden. Dette vil svare til 17 lastebillass annakvart minutt i 34 år. I tillegg fekk gruveselskapet i 2021 ei ekstra løyve som gjer at dei kan sleppe ut det giftige stoffet SIBX i fjorden. Dette stoffet er svært giftig for vasslevande organismar, og det er lite kunnskap om korleis det vil brytast ned i fjorden.

Natur og Ungdom og Naturvernforbundet har jobba kontinuerleg med saka sidan den første løyva blei gitt, og har gått alle politiske vegar for å prøve å stoppe prosjektet. Siste moglegheit var å ta saka til retten.

Bakgrunnen for søksmålet er at Natur og Ungdom og Naturvernforbundet meiner at utsleppsløyvet som blei gjeve i 2015 er eit brot på forureiningslova og EU sitt mineralavfallsdirektiv. Dette lovverket krev at det skal lagast ein tilstrekkeleg plan for korleis avfall skal handterast, og at ein viktig del av planen skal vere om korleis ein kan minimere avfallsmengda så mykje som mogleg. Verken i 2015 eller i åra etter har det lege føre ein slik plan. Først etter at søksmålet blei varsla i mai 2022, blei det sendt ut ei bestilling frå Miljødirektoratet om at gruveselskapet måtte levere ein slik plan. Denne blei levert 5. juli 2022.

Førdefjorden er spesielt viktig

Førdefjorden er ikkje ein vilkårleg fjord i det langstrekte landet vårt. Den er ein nasjonal laksefjord, med fire lakseførande vassdrag som renn ut i den. I tillegg er området viktig for den trua kysttorsken, og dessutan andre raudlista artar som blålange, pigghå, vanleg uer og ål. I dag reknast Førdefjorden som ein av dei reinaste fjordane i Noreg, med eit rikt og verdifullt dyre- og planteliv. Alt står i stor fare for å forsvinne dersom det planlagde sjødeponiet blir ein realitet.

Førdefjorden er også ein viktig ressurs for oss menneske. Her er naturbaserte næringar som sjømatnæring, laksefiske og turisme stått sterkt i fleire generasjonar.

Naturen sitt rettsvern

Denne rettssaka handlar derimot ikkje berre om at Førdefjorden må bevarast. Den har også som mål å belyse naturen sitt generelle rettsvern, som står alt for svakt i Noreg i dag. Naturen vår forsvinn i ei forrykande fart, og arealendringar er ein av dei viktigaste grunnane til dette. Samstundes blir naturen sitt rettsvern svekt når naturen alltid hamnar i siste rekke når avgjersler takast.

quote-left

At staten attpåtil kan bryte lover for å prioritere det dei ser på som meir samfunnsnyttig, viser nok ein gang kor svakt naturen sitt rettsvern står.

quote-right

Vi nordmenn er stolte av den vakre naturen vår. Dette er tydeleg i korleis vi framstiller landet vårt, mellom anna i reklamar og andre videoar som også resten av verda får sjå. I tillegg står det på regjeringa sine eigne nettsider at vi i dag er «en av verdens ledende havnasjoner», og at «Norge er også helt i front når det gjelder havforsking og ansvarlig forvaltning av havets ressurser». Då er det utruleg dobbeltmoralsk at vi likevel er eitt av to land i verda som tillèt sjødeponi og å bruke fjordane våre som ein avfallsplass. At staten attpåtil kan bryte lover for å prioritere det dei ser på som meir samfunnsnyttig, viser nok ein gang kor svakt naturen sitt rettsvern står.

Kortvarige prosjekt med høg profitt blir i dag prioritert over langvarige og berekraftige næringar. Slik kan vi ikkje fortsetje dersom vi ønskjer å etterlate oss ein levande og ressursrik natur til framtidige generasjonar. Det blir ofte trekt fram at ei storsatsing på lokal industri er naudsynt for at folk skal flytte tilbake til distrikta, men ofte er det nettopp naturen og dei naturbaserte næringane dei vaks opp med, som gjer at folk ønskjer å komme heim.

Vi står i dag ved eit vegskilje: skal vi fortsetje å prioritere kortvarige og inngripande prosjekt, eller satse på skånsame næringar som kan eksistere for alltid?

Eit steg i riktig retning er å vinne kampen om Førdefjorden, og sikre at naturen ikkje kan brukast som avfallsplass.

Agnes Mathilde Granli Lægreid
Eirin Støfringsdal
Johanne Frost Klepp
Ingvill Mathilde Torgersen
Mirjam Goepel 
Francisca Dias
Abi Hannah Ksamy

For fisken, folket og framtida – la Førdefjorden leve!