Identitet

«Ingen barn treng skjerming mot kjærleik»

Om du framleis meiner barn treng skjerming mot pride – er det dine konservative haldningar barnet burde bli skjerma mot, ikkje kjærleiken, skriv Magnus Nordlund (22).

Magnus Nordlund (22)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget var først publisert på Instagram i samband med pride 2022 og har fått nytt liv i år. Innlegget er omsett og republisert med løyve.

Eg er LEI av å sjå foreldre som vil skjerme barna sine mot pride. Ingen barn treng skjerming mot kjærleik.

Barn blir mobba kvar einaste dag, og vi mistar unge menneske til sjølvmord. Skal vi verkeleg lage endå ein generasjon med hatefulle, uvitande menneske?

Hadde guten på biletet sin klasse blitt lært at kjærleik var kjærleik – uavhengig av kjønn, ville han kanskje sloppe å late som han var sjuk for å sleppe å dra på skulen.

Kanskje han hadde sloppe å bli mobba fordi han våga å vere seg sjølv. Kanskje han hadde gjort det dritbra i handball. Kanskje han hadde våga å forelske seg i nokon på ungdomsskulen. Kanskje han hadde sloppe å sjå seg ein ekstra gong bak skuldra når han gjekk heim. Kanskje han hadde sloppe å skrive denne teksta.

quote-left

Seksualitet er nemleg ikkje noko ein kan bli smitta av, eller utvikle grunna eksponering av pride, eller homofili

quote-right

Guten på biletet over er meg – fødd akkurat som eg er den dag i dag. Skeiv. Seksualitet er nemleg ikkje noko ein kan bli smitta av, eller utvikle grunna eksponering av pride, eller homofili. Ein har den legninga ein har, uavhengig om andre menneske undertrykkjer ein for den eller ikkje.

Tenk så fint om vi kunne lært barna våre om gode verdiar – og respekt for alle typar menneske? Tenk om barnet ditt endar med å vere skeiv: Korleis vil du då ha følt deg for å ha undertrykt ditt eige barn? Vil du at ei allereie vanskeleg verd å vekse opp i skal bli endå verre? Tenk litt over det.

quote-left

Sei ifrå til klassekameraten din at det ikkje er greitt å rope «homse» etter nokon.

quote-right

Og til alle de som IKKJE har noko i mot kjærleik for alle – tør å ta kampen. Sei ifrå til klassekameraten din at det ikkje er greitt å rope «homse» etter nokon. Sei ifrå til dei som berre «tulla» når dei trakasserte nokon andre. Stå opp for fridom og likskap for alle.

Og om du framleis meiner barn treng skjerming mot pride – er det dine konservative haldningar barnet burde bli skjerma mot, ikkje kjærleiken.