Politikk og samfunn

«Ikkje la verktøyet få makt over elevane – la elevane få makt over verktøyet»

Teodor Haugland (18) meiner vi ikkje heng med i utviklinga av kunstig intelligens.

Teodor Haugland (18)
Leiar i Bjørnafjorden KrFU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi står overfor ei usikker framtid. Kunstig intelligens tek over jobbar, effektiviserer industri og skriv fulle analysar og artiklar. AI er i ferd med å bli den femte maktinstitusjonen. Om skulen ikkje er offensiv og går inn for grundig undervisning og drøfting rundt AI, sviktar den si oppgåve, nemleg å førebu oss på livet.

Skulen har alltid forsøkt å førebu oss på livet, på jobb og på studiar. Kva skulen vel å undervise, formar ungdommen og legg grunnlaget for neste generasjon.

Vi har matematikk for å lære oss alt frå hovudrekning til regresjon. Vi har norskfaget for å lære oss å skrive søknader, grammatikk og analysar. Vi har samfunnsfag for å forstå samfunnet rundt oss, korleis det fungerer og korleis ulike delar av det påverkar kvarandre.

Alt dette vil bli forma av AI i næraste framtid.

quote-left

Barn må allereie på barneskulen forhalde seg til AI

quote-right

Allereie i dag blir born og unge sin kvardag påverka av AI. Instagram-feeden og TikToks «for you page» brukar begge algoritmar som formar seg etter det den trur vi vil sjå. Ikkje berre styrer AI kva vi ser, men sjølve innhaldet i sosiale medium kan også vere AI-generert. Geoffrey A. Fowler frå Washington Post fortalde Snapchats «AI-venn» at han skulle feire 15-årsdagen sin. I retur fekk han tips om korleis ein skjuler lukta av alkohol og hasj.

Barn må altså allereie på barneskulen forhalde seg til AI, og om vi ikkje tar tak i det tidleg, let vi AI-chattetenester som ChatGPT bli ein tredje forelder i heimen.

Vi kan ikkje forhalde oss likegyldige eller fiendtlege mot AI. I Global Risk Report skriv World Economic Forum at AI er ein av dei framveksande teknologiane med størst nytteverdi, men også størst skadeverknad.

quote-left

Vi står framfor ei eksponentiell utvikling som ikkje blir teken hand om på ein ordentleg måte

quote-right

Vi veit at AI står bak millionar av kroner tapt når bedrifter blir råka av cyberangrep. Vi veit at AI kan produsere falske videoar, «deepfakes», som viser politikarar som seier djupt rasistiske og støytande ting. Vi veit at AI kan skape parasosiale forhold med maskiner, som liknar på ein Black Mirror-episode. Men vi veit også at AI bidrar med attkjenning av avvik i mønster, som kan hjelpe ved avdekking av brot på datasikkerheit. Vi veit også at AI kan bruke biletattkjenning for å effektivisere til dømes i fiskeoppdrett. Vi veit også at sjukehus i Bærum, Drammen og Kongsberg tar i bruk AI for å effektivisere attkjenning av brot i røntgenbilete.

Vi står framfor ei eksponentiell utvikling som ikkje blir teken hand om på ein ordentleg måte.

Om vi ønskjer ei framtid der AI blir brukt som eit verktøy, med ordentlege reguleringar og etisk bruk, må vi starte tidleg.

Difor meiner eg at allereie neste skuleår bør det innførast eit obligatorisk nasjonalt tverrfagleg undervisningsopplegg i skulen som tek for seg det etiske rundt AI, ei sunn tilnærming, AI i skulekontekst og viktigast av alt, kjeldekritikk i ei verd der alt kan forfalskast.

Kvar klasse bør ha eit undervisningsopplegg som tilpassar seg alderen til elevane, frå barneskulen til vidaregåande. Ikkje la verktøyet få makt over elevane, men la elevane få makt over verktøyet. Slik sikrar vi framtida.