Politikk og samfunn

«I laboratoria, langt frå rampelyset, utforskar me løyndommane som kroppen ber på»

For det første må samfunnet forstå rolla vår og betydning i helsevesenet. Bak kvar suksesshistorie står det ofte ein bioingeniør, skriv bioingeniørstudent Nawisa Falahzadeh (20).

Nawisa Falahzadeh (20)
Bioingeniørstudent
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett til nynorsk av Framtida.no

Som bioingeniørstudent går eg gjennom ei reise som kanskje ikkje er synleg for mange, men som er av avgjerande betydning for helsevesenet i framtida. Det er på tide å kasta lys over vår usynlege, men utruleg viktige rolle.

Laboratorielys

I laboratoria, langt frå rampelyset, utforskar me løyndommane som kroppen ber på. Me dykkar ned i blodprøver, vevsprøver og andre biologiske væsker, og avdekkjer svar som kan redde liv. Jobben vår er ikkje å vera i sentrum av merksemda, men å vera ryggrada i helsevesenet, støttande og pålitelege.

Utdanninga vår er meir enn berre bøker og forelesingar. Det er ei forplikting til presisjon, nøyaktigheit og kunnskap som formar kvar analyse me utfører. Me lærer ikkje berre å tolka resultat, men også å forstå den djuptgåande betydninga av arbeidet vårt.

Men kvifor er rolla vår så ofte oversett?

Bak lukka dører

For det første, arbeider me hovudsakleg bak lukka dører. Innsatsen vår skjer i skuggane.

For det andre, innsatsen vår smeltar ofte saman med andre helsearbeidarar. Suksessen vår er ikkje individuell, men kollektiv. Me er ein del av eit større team som jobbar mot ei felles målsetjing: å forbetra pasientbehandlinga og helsevesenet samla sett.

Bioingeniørar er avgjerande av mange grunnar:

1. Me er nøkkelen til nøyaktige diagnosar og effektive behandlingar.

2. Analysane våre rettleier legane til å velja rett behandling for pasientane.

3. Me er med på å utvikla og forma metodane og teknologiane i framtida innan medisin.

Suksesshistorier

Det er på tide å gi oss den anerkjenninga me fortener.

For det første må samfunnet forstå rolla vår og betydning i helsevesenet. Bak kvar suksesshistorie står det ofte ein bioingeniør.