Politikk og samfunn

«Filmens bodskap bør ikkje overskyggast av politisk agenda i USA»

Marie Cathrine Løver Thu meiner Sound of Freedom kan løfte samtalen om menneskehandel, trass i Hollywood-trekka i filmen.

Marie Cathrine Løver Thu
Organisasjonsrådgjevar Lightup Norway
Publisert
Oppdatert 21.11.2023 10:11

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Sound of Freedom er ein film som tar eit modig skritt inn i den hjarteskjerande verda av menneskehandel og seksuell utnytting av barn. Filmen er med på å belyse et viktig og alvorleg tema, som vi må lære oss å snakke meir om!

Nyleg deltok Lightup i ein panelsamtale under ei filmvisning av Sound of Freedom på Ås Kinoteater der vi fekk fleire gode spørsmål om filmen og tematikken. Ein slik samtale er noko vi ser på som eit naudsyn grunna filmens tema. Vi i Lightup meiner det er viktig å ikkje berre sjå på filmen som underhaldning, slik mange kinofilmar er, men at den også gir moglegheit til å lære om og engasjere oss i menneskehandel som er ei av vår tids største samfunnsutfordringar. 

Sound of Freedom er laust basert på Tim Ballards, grunnleggaren av organisasjonen «Operation Underground Railroad», verkelege opplevingar, men vi må ikkje gløyme at som kinofilm inneheld han visse Hollywood-trekk som overdriver verkelegheita.

Vi får ein klar helt i agenten Ballard, spilt av Jim Caviezel, og et klimaks som ikkje er heilt i tråd med verkelegheita. Det er viktig å hugse at verkelegheita ofte er meir kompleks enn det som blir vist på lerretet. Likevel skildrar filmen eit tema som er essensielt å få fram til eit større publikum.

Konspirasjonar

I USA har filmen fått mykje merksemd i media grunna spekulasjonar om konspirasjonsteoriar. Fleire av desse har utspring frå hovedrolleinnehaver Jim Caviezel sine positive utsegner om konspirasjonsbevegelsen QAnon sine teoriar.

I tillegg har det vore spekulasjonar rundt om filmen reknast med å ha blitt dyssa ned etter at den ikkje vart vidareført av produsenten 20th Century Fox etter oppkjøp av Disney. Likevel unngår filmen å spele openbert på politikk, konspirasjonsteoriar eller religiøs overtyding.

Dette er ei historie om menneskehandel, og den viktige bodskapen om at dette er ein problematikk som eksisterer i dag, bør ikkje bli overskygd av ein politisk agenda i USA.

Best eigna for eldre ungdom og vaksne

Aldersgrensa for filmen er 12 år, trass i den alvorlege tematikken han belyser. Dette valet er basert på at han ikkje direkte viser overgrep, men han inneheld likevel sterke scener av barn som blir kidnappa og utsett for sexhandel. Personleg meiner eg at filmen er best eigna for eldre ungdom og vaksne. Og om han blir vist i ein skulesamanheng, er det viktig å sette av tid til samtale og refleksjon.

Vi i Lightup understrekar viktigheita av å rette fokus mot menneskehandel og seksuell utnytting. Med aukande førekomst av overgrepsvideoar publisert på pornosider, og aukande seksuell utnytting på nett gjennom grooming og direkteoverførte bestillingsovergrep, er det presserande å skape medvit og engasjement om denne tematikken.

Etterspurnaden etter seksuell utnyttelse med barn er noko vi trenger ein større debatt om også her i Noreg. Sound of Freedom er ein film som kan bidra til å kaste lys på og oppfordre til samtale om ei mørk side av samfunnet vårt som altfor ofte blir oversett.