Politikk og samfunn

«Mobilbruken i dag er høg og folk har mista fokus på det som er viktig»

Eg sjølv veit at eg brukar mobilen for mykje og har merka konsekvensane dette har hatt på meg dei siste åra, skriv student Frida Bjørhovde (19).

Frida Bjørhovde (19)
Medium- og kommunikasjonsstudent
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Me har nok alle den kjende som går på konsert og alltid filmar minst halve konserten, og deretter legg det ut på storyen sin. Eg veit i alle fall at eg kjenner fleire sånne. Kvar gong eg ser dette, tenker eg: Får dei eigentleg med seg noko av konserten? Korleis skal dei klara å nyta opplevinga om dei er på mobilen heile tida? Det er ikkje lett å få med seg ting om ein alltid er på mobilen. Derfor meiner eg at me alle går glipp av mange fine augneblikk i livet på grunn av for høg mobilbruk.

Frå den første smarttelefonen blei lansert i 1994 til no har mobilbruken auka kraftig. På berre 30 år har det gått frå at smarttelefonen var noko nytt og ukjent til at han er blitt ein stor og viktig del av livet til dei fleste. For nokon har han også blitt ein avhengnad som dei ikkje klarar å legga frå seg.

 

quote-left

Kor lenge kan du eigentleg gå utan å sjå ein mobil?

quote-right

Kvardagen ligg på mobilen

Sjå for deg at du er ute blant folk, anten det er på butikken, på kafé eller på eit kjøpesenter. Kor lenge kan du eigentleg gå utan å sjå ein mobil? Om eg skulle gjette ville nok svaret mitt vore eit par sekund. Mobilane er overalt. Alle har ein, og dei aller fleste har han med seg kor enn dei går. Mange tar han òg opp automatisk for å sjekka varsel utan å eigentleg tenka over det.

Alt me treng i kvardagen ligg jo på mobilen i form av betaling med Vipps, timeplanar på Canvas eller Visma, bussbillettar på Skyss, underhaldning på Netflix og TikTok og mykje meir. Me er blitt avhengige av mobilen av praktiske grunnar, men også for å halda oss underhaldne døgnet rundt. Me går derfor glipp av dei små fine augneblinkane som den verkelege verda har å tilby. Derfor synest eg at me alle bør prøva å få ned mobilbruken vår og fokusera på andre aktivitetar.

Negative konsekvensar

Høg mobilbruk kan påverka oss alle negativt. Eg sjølv veit at eg brukar mobilen for mykje og har merka konsekvensane dette har hatt på meg dei siste åra. Både dårlegare konsentrasjon og mange uproduktive dagar med å meiningslaust bla gjennom TikTok. Eg er like skyldig i å bruka mobilen for mykje som det mange andre er, og det veit eg godt. Eg har derimot dei siste åra reflektert mykje og engasjert meg rundt dette med mobilbruk.

Eg valde å fokusera avgangsoppgåva mi i mediespesialisering på VGS om høg mobilbruk blant unge. Der hadde eg ei spørjeundersøking om mobilbruk hos unge der svara eg fekk var ganske bekymringsfulle. Det var høg skjermtid og over to tredjedelar svarte at dei sjølv synest dei brukar mobilen for mykje. At mobilbruken blant unge er høg blir også bekrefta av undersøkingar utført av Statistisk sentralbyrå og Ungdata.

Mobilen er blitt som ein sterk avhengnad for mange. Dette er nok på grunn av dopamina i hjernen som blir utløyst når me får ei melding eller ser morosame videoar på mobilen. Dopamin er det stoffet som blir produsert når me for eksempel er forelska, drikk alkohol, brukar rusmiddel eller spennande ting skjer i livet vårt. Alkohol- og rusmisbrukarar brukar rusmidla for å utløysa dopamin og blir avhengige av å finna den følelsen dei får av å drikka eller rusa seg. Det er litt det same som skjer med mobilen. Me likar følelsen me får av å sjå på TikTok eller å få varsel frå Snapchat. Derfor brukar me mobilen meir og meir for å finna den følelsen igjen. Etter kvart klarar me ikkje å slutte fordi me er blitt avhengige.

Mindre sosial og fysisk aktiv

Å sitta mykje på mobilen heime aleine og for eksempel sjå på seriar, spela spel eller bla på Instagram eller TikTok gjer jo naturlegvis at det blir mindre tid til sosiale aktivitetar som å vera med familie og venner. Det som derimot kan vera ei positiv side med mobilen og internett, er jo at ein kan bruka han til å snakka med folk og til å møta nye menneske ein aldri ville møtt utanom. Det er derimot viktig å ikkje nedprioritera dei folka du har nærme deg, og faktisk ta deg tid til å snakka med dei fysisk og ikkje berre via mobilen.

Noko anna som fort kan bli nedprioritert om ein brukar mykje tid på mobilen er fysisk aktivitet. Fysisk aktivitet er viktig for helsa, og om ein sit med mobilen heile dagen, gjer det at me ikkje er i nok aktivitet. Noko som vil få negative verknader på oss. Det finst jo tilfelle der mobilen faktisk har auka aktiviteten blant folk, spesielt hos barn, med spel som krev at du går til spesielle plassar, slik som Pokémon Go. Men eitt eller to spel gjer derimot ikkje opp for all den tida mobilen får oss til å sitta i ro. I tillegg er desse spela berre populære i små periodar og held seg ikkje relevante over lengre tid.

Endring av vanar

Eg veit å få ned mobilbruken ikkje er noko som skjer over natta. Det er vanar som sit godt inne og som kan vera vanskelege å bryta. Men det første steget er å sjølv innsjå at du brukar for mykje tid på mobilen. Når du har akseptert dette kan du begynna med tiltak, slik som å sette maksgrenser på appar du veit du brukar for mykje, eller prøva å ikkje ha mobilen i lomma konstant. Det kan og vera mogleg å skru av varsel på appar som ikkje er viktige, slik som for eksempel Instagram eller TikTok. Det er ikkje nødvendig å få varsel kvar gong ein venn sender deg ein video eller nokon likar kommentaren din.

quote-left

Kven veit? Kanskje du finn din nye favoritthobby om du brukar mindre tid på mobilen

quote-right

Det kan og vera ein idé å byta ut tida du brukar på mobilen med andre aktivitetar. Viss du føler eit behov for å gå inn på mobilen utan god grunn, kan du heller prøva å gjera andre ting. Slik som å lesa ei bok, trena eller bli med på ein sport, vera med venner eller familie, måla, teikna, eller andre typar hobbyar. Kven veit? Kanskje du finn din nye favoritthobby om du brukar mindre tid på mobilen og meir tid på å prøva nye ting.

Mobilbruken i dag er høg og folk har mista fokus på det som er viktig. Eg trur derimot at me kan klara å snu denne trenden og få ned skjermtida vår. Og etter kvart som mobilbruken forhåpentlegvis blir mindre, ønskjer eg at me alle kan vera meir til stades i verkelegheita og bruka meir tid saman med dei folka som er viktige for oss.