Skrivekonkurranse

Er cancel culture eit samfunnsproblem?

Ein offentleg person som fekk kjenne cancel culture si fulle kraft var Amber Heard under rettssaka «Depp vs. Heard», skriv Caroline Vangsnes (15).

Caroline Vangsnes (15)
Publisert

Denne teksta er vinnar av Framtida.no og Magasinett sin skrivekonkurranse.

Ofte er vi vitne til andre bli offer for dagens kanselleringskultur eller cancel culture. Vi ser menneske gå frå å vere godt likt til å bli fullstendig avvist frå samfunnet over natta. Men kva er eigentleg cancel culture og bør vi definere det som eit samfunnsproblem? 

Cancel culture er eit relativt nytt fenomen. Det handlar om å bruke sosialt press for å stenge ute og avvise nokon som er skulda for å seie eller gjere noko skadeleg eller trakasserande. Men offentleg håning og utestenging har så og seie alltid vore ein del av samfunnet vårt, så kva er det som gjer cancel culture så spesielt?

quote-left

Innan kort tid kan skandalar og rykte til og med spreie seg globalt.

quote-right

I dagens teknologiske samfunn kan ein via internett spreie den offentlege håninga i ein mykje større skala enn før. Innan kort tid kan skandalar og rykte til og med spreie seg globalt. Dette er ein moglegheit vi ikkje hadde før, og det er eit fenomen med ekstremt mykje makt. Vi kallar det cancel culture og beskriv det som ein «kultur» fordi det er såpass mange menneske som bidrar i denne prosessen med å kansellere andre.

Men korleis fungerer eigentleg sjølve kanselleringsprosessen?

Typisk kjem noko kontroversielt ein offentleg person har sagt eller gjort inn i rampeljoset. Det treng ikkje eingong å vere ei nyleg hending, for internett kan vere fullt med spor av kven du var og kva du tidlegare har sagt. Ein enkeltperson kan ha grave litt i ein kjendis si fortid og funne kanselleringsmateriale. Kjendisen møter då hat frå ei bølgje menneske, mistar til dømes følgarar på sosiale medium, og folket prøvar det dei kan å demonstrere og uttrykke at dei ikkje støttar denne personen og deira handlingar.

Ein offentleg person som fekk kjenne cancel culture si fulle kraft var Amber Heard under rettssaka «Depp vs. Heard». Rettssaka gjekk ut på å avgjere påstandar om ærekrenking mellom dei tidlegare gifte amerikanske skodespelarane Johnny Depp og Amber Heard. Saka blei strøymd direkte på plattformer som YouTube og var derfor lett tilgjengeleg for offentlegheita. Eit enormt tal med menneske engasjerte seg i saka og publiserte sine personlege meiningar i kommentarfelt og på diverse sosiale medium. Etter kvart begynte ei trend å spreie seg, der mange publiserte innlegg der dei håna Amber Heard og latterleggjorde ho. Det verka som om folket var blitt samde om å stemple Heard som syndaren og løgnaren i saka. Men basert på kva? Dei kan jo ikkje vite om dei faktisk har heile historia. Ei sak har ofte fleire sider. 

Når tilfelle som dette oppstår har dei lett for å skape sterke meiningar blant folket, men er det verkeleg opp til oss og cancel culture å døme? Er det ikkje ein grunn til at vi har egne dommarar i domstolar med lang utdanning bak seg? 

quote-left

Det er heilt urealistisk å forvente at eit menneskje skal gå gjennom livet sitt perfekt og plettfritt for feil.

quote-right

Cancel culture kan likevel til tider ha ein positiv effekt med nettopp sin ekstremt effektive metode for konsekvensar og mogleg rettferd. Til dømes kan hatefulle ytringar, rasisme og diskriminering raskt få betydelege konsekvensar for dei som kjem med slikt. Men andre gonger kan falske skuldingar skape utestenging av eit menneskje. Enda eit problem med bevegelsen er at den ikkje gjev høve til å lære av sine mistak. Det er heilt menneskeleg å gjere feil, nokon tabbar er faktisk heilt sentrale å gjere for å kunne utvikle seg til eit betre menneskje. Men viss ein tar bort denne delen av livet, korleis skal ein lære? Det er heilt urealistisk å forvente at eit menneskje skal gå gjennom livet sitt perfekt og plettfritt for feil. Cancel culture set skyhøge standardar det kan vere umogleg å leve opp til.   

Kvifor kulturen kansellerer menneske som ikkje har fortent det er truleg eit resultat av fleire grunnar, men eg vil hovudsakleg seie at det fell på ein: nemleg underhaldninga det bringer med seg.

Det er ingen løyndom at vi i dagens samfunn er svært avhengige av underhaldning og med eit tolmod som verkar stadig å bli mindre ønskjer vi konstant å bli underhaldne av noko nytt. Slik kjem skandalar og drama fort inn i rampeljoset og får høge sjåartal. Dei som ønskjer merksemd og på eit vis «berømmelse» på nett kan velje å publisere falsk informasjon om eit menneskje fordi ein veit det lett tiltrekkjer publikum.

quote-left

Dette kan truge sjølve ytringsfridommen

quote-right

Med det mister cancel culture all sin verdi og potensial til å utgjere rettferd. For korleis skal ein beskytte seg sjølv og ryktet sitt viss det ikkje lenger handlar om kor bra menneskje du er, men heller håpet om at ingen ein dag bestemmer seg for å snu om på orda dine eller spreie eit usant rykte berre for underhaldninga sin del? 

Denne nye kulturen har ført til at mange opplever ei frykt for å uttrykkje seg, ei frykt for at orda ein seier blir snudd om, og ei frykt for ved eit uhell å seie noko krenkjande. Dette kan truge sjølve ytringsfridommen, og då skjønner vi at det kan bli definert som eit samfunnsproblem.