Identitet

«Eg føler meg som ein glad person i Noreg, og det er takk vere nordmenn»

No har eg ein heim eg gler meg til å koma tilbake til, jobb, kurs der eg lærer norsk, nye vener og ein favorittby – han byrjar òg på O, sidan eg er frå Odessa, skriv ukrainske Lidia Bielova.

Lidia Bielova (21)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er skrive på engelsk og omsett av Framtida.

Krigen har vart i to år no. Eg såg på kalenderen og talde: 730 dagar.

Kva betyr 730 dagar for meg, familien min og alle ukrainarar? Dette er smerte, tårer, frykt, sorg, håpløyse, sinne, hat, tungsinn, fortviling, tap av heim, flukt frå heimlandet, og å bli skilt frå sine kjære.

Denne tøffe tida har etterlate ei tomheit og kjensle av tap i hjarta til ukrainarane. Med kvart andedrag er det ei skjult lengt etter det tapte, i kvart blikk eit gjenskin av liding og håp om ei fredfull framtid.

quote-left

Me må hugsa at me berre har i dag. Ver glad for at du vaknar opp

quote-right

Desse to åra har lært meg mykje: Å akseptera ei ny røynd, sjølv om du er redd.

Gje slepp på folk. Set pris på kvart sekund. Utset ikkje ord eller handlingar. Me må hugsa at me berre har i dag. Ver glad for at du vaknar opp. Fortel familien og venene dine kor mykje du elskar og set pris på dei. Finn glede i enkle ting, sjølv berre ein fredfull himmel over hovudet ditt. 

Eg hugsar mars 2022. Eg, mor, bror og ein koffert delt på oss tre. Me visste ikkje kva som venta oss, for å starta livet frå grunnen av i eit nytt land, er som bli fødd på ny. Det er augeblikket du må forlata alt av familie og vener og ta fatt på ein ukjend veg. I kvart augeblikk av å starta livet på nytt i eit nytt land på grunn av krig, er det ei historie om mot og standhaftigheit.

Det er historia om korleis ei ny byrjing vert fødd i ruinane av fortida. Kvart steg er ikkje berre ei rørsle framover, men òg eit brot med det vande, eit stup inn i det ukjende med eit håp om det beste. Dette er augeblikk då menneske som har mista alt møtest og byggjer ei ny verd saman, avhengige av kvarandre. I augo til desse menneska ligg ei gneiste av håp, ein styrke som tillèt dei å gå framover trass i alle vanskar. Det er historia om korleis menneskesjela finn lys og håp i dei mørkaste tidene, og ut av øydelegging og smerte skapar eit nytt liv fylt med kjærleik, meining og moglegheiter. 

quote-left

Eg har innsett at nokre gongar gløymer eg krigen, og det er rart, sidan eg er ukrainar

quote-right

I løpet av to år har eg modnast på ein god måte. Noreg har hjelpt meg med dette. Først var det svært vanskeleg, sjølv om eg var omgitt av norske vener og slektningar. Alt verka framand fordi det ikkje var noko heimkjensle. No har eg ein heim eg gler meg til å koma tilbake til, jobb, kurs der eg lærer norsk, nye vener og ein favorittby – han byrjar òg på O, sidan eg er frå Odessa. Eg har byrja å le, oppleva glede, nyta livet, og ha nøkterne tankar. Eg har innsett at nokre gongar gløymer eg krigen, og det er rart, sidan eg er ukrainar. 

Krigen i Ukraina er ikkje like mykje omtalt i nyheitene som han var i 2022 og mange har inntrykk av at krigen er over. Slik har verda blitt. Det finst ikkje planar, ingen garantiar, inga tid til å tenkja. Det er ein uvilkårleg og unekteleg «i dag» og ein må vere klar for alt. Ja, politikarar frå ulike land er framleis midt i desse hendingane, men ikkje vanlege folk som meg. Men det mest støytande og vonde er at heile verda har hjelpt og hjelper Ukraina å overleva kampen mot angriparen, landet til monsteret, og om me tapar denne krigen, betyr det at heile verda har tapt. 

Eg føler meg som ein glad person i Noreg, og det er takk vere nordmenn og deira hjelp. I ei tid der verda treng samhald og solidaritet strekte nordmenn ut ei hjelpande hand utan å nøla eller halda tilbake.

Takkefrasar verkar ikkje å strekke til for å uttrykke kor djupt ein set pris på denne godheita og medkjensla. Noreg har blitt eit symbol på medmenneskelegdom og internasjonal solidaritet, og hjelpa vil for alltid bli i hjarta til dei som tek imot ho.

24. februar 2024 sat eg på ein kafé og drakk ein nydeleg kaffi, akkurat som i Odessa, og ei nydeleg eldre dame, Anne-Lise, snakka med meg. Ho liknar på naboen vår frå Odessa. Eg smilte og innsåg: Eg har to heimar. Tusen takk.