Politikk og samfunn

«Det finst ikkje nok glitter i verda til å dekka over eit folkemord»

Svarte skjermar under Eurovision 2024! skriv Eurovision-entusiast Vetle Nordgård Mikkelsen.

Vetle Nordgård Mikkelsen
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget var først publisert i Blikk og er republisert med løyve.

Eg elskar Eurovision. Eg gleder meg til Eurovision kvart år, og med fare for å gå heilt ekstremhomo her: Eurovision er større enn 17. mai for meg.

I år blir det ikkje Eurovision på denne homsen. Gleda over glitter og glam er erstatta av sorg og sinne. Det finst ikkje nok glitter i verda til å dekka over eit pågåande folkemord. Staten Israel slaktar ned folket dei har okkupert sidan 1947.

Men kva har Eurovision med Israel si brutale krigføring mot palestinarane å gjera?

«Sest neste år i Jerusalem»

Eurovision sin hovudsponsor i år, som fleire tidlegare år, er Moroccanoil, eit israelsk selskap som nektar å seia nøyaktig kor dei lagar produkta sine. I israelsk kontekst betyr dette ofte at det er produsert i okkuperte palestinske område.

Då israelske Netta Barzilai vann Eurovision i 2018, var det første ho sa «sest neste år i Jerusalem», ein uttale som er rimeleg politisk lada. Songen dei har valt i år, hadde òg opphaveleg fleire referansar til Hamas-angrepet 7. oktober, eit angrep som verkeleg var forferdeleg, men som på ingen måte rettferdiggjer det pågåande folkemordet i Palestina. (Red. anm. Spesialrapportør til FN Fransesca Albanese meiner det er grunn til å tru at terskelen for folkemord er nådd.)

Israel er generelt ikkje framand for å bruka kultur i vid forstand for å reinvaska sitt gode namn og rykte. Blant anna bruker Israel sin status som (relativt) vennleg innstilt mot skeive folk for alt den er verdt, samtidig som det har komme fram at IDF driv utpressing mot skeive palestinarar og prøver å tvinga dei til bli angivarar mot sitt eige folk.

quote-left

Å bli bomba i sund er ikkje frigjerande

quote-right

Og til dei vestlege skeive som støtter Israel fordi dei visstnok er meir pro-LHBT enn dei arabiske nabolanda er: Å bli bomba i sund er ikkje frigjerande, sjølv viss bombeflypiloten har på seg ein regnbogebutton.

Ingen palestinske flagg

EBU har vedtatt at det ikkje er lov med palestinske flagg under arrangementet i Malmö. Det er i og for seg ikkje nytt at berre flagg frå medlemsland er velkomne i konkurransen, men det er likevel merkeleg at dei tillèt regnbogeflagg, så lenge bruken «ikkje er politisk» (kva enn det skal bety, med tanke på at regnbogeflagget har vore eit politisk symbol sidan starten).

At EBU forbyr palestinaflagget, men tillèt regnbogeflagget, er ei politisk handling.

Russland blei, med rette, ekskludert frå Eurovision etter at dei invaderte Ukraina. I skrivande stund har Israel drepe over 34 000 palestinarar.

Over 1,7 millionar menneske er drivne på flukt. Mange av dei har blitt bedne av Israel om å flykta til byen Rafah, som i skrivande stund blir invadert av israelske stridsvogner.

Å ekskludera Russland var ei aktiv politisk handling. Å ikkje ekskludera Israel er ei aktiv politisk handling.

Musikaransvaret

Det er mange som meiner musikarane ikkje kan haldast ansvarlege for at dei deltar i konkurransen, samtidig som eit av deltakarlanda slaktar ned tusenvis av sivile. Eg er ueinig.

quote-left

Det er mange artistar som tar ansvar

quote-right

Det er mange artistar som tar ansvar. Det er berre til å sjå på dei mange oppropa musikarar og kunstnarar har signert mot israelsk deltaking i Eurovision.

Alle må gjera sine eigne vurderingar. Det skal godt gjerast å boikotta alt som har med Israel å gjera. Eg vil likevel avslutta med denne oppfordringa:

Svarte skjermar under Eurovision 2024!