Politikk og samfunn

«Det er ikkje flaksen som skal vere avgjerande for om du får hjelp»

Eg ynsker at alle skal få den same sjansen som meg, for sjukdom og skader gjer ingen skilnad, skriv nestleiar i Bergen KrFU, Ane Marita Rossevatn Uleberg.

Ane Marita Rossevatn Uleberg (24)
Nestleiar Bergen KrFU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Du skal få helsehjelp, men ho må vere offentleg, ser ut til å vere regjeringa sitt nye slagord.

På felt etter felt skvisar dei no ut private og ideelle aktørar. Ikkje fordi dei gjer ein dårleg jobb, på mange område er dei faktisk betre enn det offentlege, men fordi dei er private eller ideelle. Det offentlege (som i mange tilfelle manglar både kapasiteten og den særeigne kompetansen) skal heller ta over.

Helse Vest kom nyleg med lista over kva for nokre private og ideelle aktørar dei skal kjøpe rehabiliteringstenester av dei neste fire åra. I tildelinga av nye avtalar blir det ikkje berre kutta i talet på tilbydarar, men òg i avtaleomfang.

Over heile Vestland og Rogaland må rehabiliteringsinstitusjonar no kutte i tilbodet fordi dei anten ikkje fekk fornya avtalen, eller avtalen vart kraftig redusert.

Helse i Hardanger var blant dei som ikkje fekk fornya avtalen. Dei har utvikla eit firedagars behandlingstilbod for fleire kroniske lidingar med gode resultat, men nådde ikkje opp. Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, som er den største rehabiliteringsinstitusjonen i Vestland, fekk òg avtalen kraftig redusert.

quote-left

Det er urovekkande at tilbodet må reduserast når ein veit at ventelistene allereie er lange.

quote-right

Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter (RKHR) har tilbod for pasientar med kreft, nevrologiske og nevromuskulære lidingar som til dømes Parkinson, kroniske muskel- og blautdelssmerter, sjukeleg overvekt og døgnplassar for arbeidsretta rehabilitering. På bakgrunn av den nye avtalen vil tilbodet no måtte reduserast for alle desse pasientane, og RKHR opplyser at det samla talet på døgnplassar må reduserast med rundt 27 prosent. Talet på pasientar som til ei kvar tid er på rehabiliteringsopphald på senteret blir då redusert frå 70 til rundt 50.

Det er urovekkande at tilbodet må reduserast når ein veit at ventelistene allereie er lange. Konsekvensane av dei store kutta i tilbodet er at færre får tilbod om rehabilitering, og ventetidene vert endå lengre.

Dette kan igjen føre med seg store samfunnsøkonomiske kostnadar. Fleire risikerer å måtte stå utanfor jobb, eller at dei må slutte i jobben tidlegare på grunn av sjukdommen/skaden.

NAV betalte i fjor ut 88,8 milliardar kroner i sjukepengar og AAP, og inkluderer ein uføretrygd, er ein oppe i 197 milliardar. Lange ventetider og færre som får tilbod, kan gjere desse tala endå høgare. Kven skal dekke desse kostnadane?

quote-left

Eg veit sjølv kor utruleg viktig eit slikt opphald er for at ein skal kome tilbake til jobb.

quote-right

Rehabiliteringsopphald er ikkje noko ein vel fordi ein har lyst, det er naudsynt helsehjelp. Ein får ei tverrfagleg oppfølging og hjelp som ikkje finst andre stader i helsetenesta. Eg veit sjølv kor utruleg viktig eit slikt opphald er for at ein skal kome tilbake til jobb.

Utan alle dei fantastiske tilsette under opphaldet mitt på Hauglandssenteret (RKHR) hadde ikkje eg sete her som student no.

Eg ynsker at alle skal få den same sjansen som meg, for sjukdom og skader gjer ingen skilnad. Eg skal ikkje vere heldig, eller høyre eg hadde flaks som fekk opphald når eg gjorde. Det er ikkje flaksen som skal vere avgjerande for om du får hjelp. Du skal få den hjelpa du treng, når du treng ho!

Om hjelpa kjem frå det offentlege eller private og ideelle aktørar skal ikkje spele noka rolle.