«Det er i mi og min oppveksande generasjon si interesse med ei reell jamstilling»

Fylkesleiar Sogn og Fjordane Senterungdom tek til orde for grunnlovsfesta nynorsk.

Stine Fjellkårstad (25)
Fylkesleiar Sogn og Fjordane Senterungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Som nynorskbrukar er ein van med å måtte reflektere litt ekstra over kva jamstilling betyr. Både fordi vi på ingen måte opplever jamstilling og det i seg sjølv fører både til refleksjon og frustrasjon, og fordi ein heile tida vert utfordra på om jamstilling verkeleg skal vere eit mål av dei som syns det var litt «stress» å få karakter i nynorsk på vidaregåande skule.

Til å bli galen av

Indre fjordane er tjukkaste nynorskland. Likevel har det vore null problem å lære seg bokmål fordi ein vert så mykje eksponert for sidemålet sitt som born og ungdom.

Når bokmålsbrukarar seier det er vanskeleg å lære seg nynorsk fordi det er eit irrelevant skriftspråk for dei, er det til å bli galen av. Hadde bokmålsbrukarar fått meir nynorsk inn i oppveksten sin, hadde det blitt lettare for dei å utføre arbeidsoppgåver dei pliktar å meistre seinare i livet. Og dei er det mange av.

quote-left

Det handlar om plikt ovanfor minoriteten

quote-right

Det handlar om plikt ovanfor minoriteten. La oss ta universitet som døme. Dersom universitet ikkje gjev deg eksamenen på ditt målføre handlar det ikkje om mine og dine preferansar. Det handlar om kva vi som språkbrukarar har krav på, og kva universiteta pliktar å levere.

At tunge kunnskapsinstitusjonar ikkje har tyngre kunnskap om likestilling, eiga samfunnsrolle og praktiske nynorskkunnskapar, skremmer meg.

At ein har professorar som set seg på bakbeina eller ikkje evnar å hoste opp dei nynorske spørjeorda får meg til å tvile på om dei har noko på eit universitet å gjere i det heile.

 

quote-left

Språkopplæringa på det jamne er for dårleg

quote-right

At sjølv universitet har for svak nynorskkompetanse og språkvilje, fortel meg at språkopplæringa på det jamne er for dårleg. Her er problemet både høna og egget. Difor må det politisk styring til.

Det er difor svært gledeleg at mållaget tek til ordet for å grunnlovsfeste språket og målformene, og oppmodar stortingspolitikarane om å levere eit felles framlegg til endring av grunnlova. At dette ikkje har skjedd før er i grunnen rart. Kanskje vi har teke språket for gitt, som har ført til ei svekking over tid?

Reell jamstilling

Grep må i alle fall takast. Vi kan ikkje halde fram med at språkarva vår glir som sand ut av hendene på oss, og at den manglande reelle jamstillinga av målformene vert brukt som eit argument for å fjerne heile jamstillinga.

Det er i mi og min oppveksande generasjon si interesse med ei reell jamstilling, ei uvida eksponering av nynorskbruk og grunnlovsfesta nynorsk.