Ytringsfridom i praksis

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ytringsfridom er å seie det ein vil utan eit snev av skam, seier Iver Johannes Aune (15), på telefon frå Bindal i Nordland.

Han siterer diktet «Ytringsfridomen lever», som han har skrive saman med kameraten Konrad Gutvik Sande (14).

Med dette diktet stakk dei av med sigeren i Aftenposten Si ;Ds skrivekonkurranse denne veka.

LES OGSÅ: Vann med film om ytringsfrekkheit

Viktig bidrag til debatten
Tema for konkurransen var: «Hva er ytringsfrihet for deg?».

Det svara det nynorske diktet frå dei to niandeklassingane frå Terråk skule aller best på.

Juryen kalla vinnarbidraget ei sterk tekst på grunn av rytme og klang, men òg fordi det formidlar ein høgst aktuelt bodskap.

«Diktet er både god poesi og et viktig bidrag til debatten om ytringsfrihet», heiter det vidare i grunngjevinga.

LES OGSÅ: Ytringsfridomen er truga i Spania

Konkret om ytringsfridom
Då niandeklassingane først fekk i oppgåve å skrive ei tekst om ytringsfridom på skulen, tykte dei det var litt vanskeleg. Så fann læraren ut at dei kunne skrive om ytringsfridom og angrepet på Charlie Hebdo i Paris tidlegare denne månaden.

– Det vart litt lettare når me hadde eit konkret tema. Då sette me oss ned og leste meir om det, forklarar gutane, som sjølvsagt hadde fått med seg hendingane.

Dei har inntrykk av at terroråtaket i Frankrike har ført til meir fokus på ytringsfridom, mellom anna på Facebook.  

Har de ytringsfridom?

– Ja, absolutt. Det er dette diktet eit bevis på, meiner Konrad, som får støtte frå kameraten.

LES OGSÅ: 1 av 6 har blitt trua for ytringane sine

Nynorskpoesi
Dei to tykkjer det var veldig artig å få beskjeden om at diktet deira vann og skulle trykkjast i Aftenposten.

Dei stakk av med sigeren framføre fleire lange tekstar på bokmål, og trur at målforma var ein fordel.

– Me skriv eigentleg bokmål, men me har skrive ein del dikt med norsklæraren vår frå Sogn som er veldig god i nynorsk. Dikta vert meir poetiske på nynorsk, tykkjer dei to gutane, som gjerne nyttar ytringsfridomen sin igjen i ein annan skrivekonkurranse.

«Ytringsfridomen lever» av Iver Johannes Aune (15) og Konrad Gutvik Sande (14)

ytringsfridom for meg

er retten til å seia det eg meiner til deg

 

eg ville ropa det ut

ut ut til alle hus

mi meining skal fram

utan eit snev av skam

 

mi meining var klar

eg veit kva eg vil

eg ville karikere ein kar

som mange ser opp til

 

eg brukte min fridom

og ytra meg fullt

eg fann fram min blyant

og la ark på min pult

 

avisa kom ut

med teikningar i,

spreidde seg som mus

i alle folks hus

 

mange muslimar

hata min misjon

nokre ekstremistar

gjekk til aksjon

 

dei invaderte mitt rom

eg betalte lidingas dom

 

alt gikk så fort

idéane lever

sjølv om eg gikk bort

Diktet var først publisert i Aftenposten.