Villmarksjenta flyttar ut

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var så redd heile tida, fordi det var mørkt store delar av døgnet, fortel Maria Grøntjernet frå Hadeland til fleire hundre tilskodarar i Sirkusteltet på Fjellfilmfestivalen i Jotunheimen. 

19-åringen, som for det norske folk har vorte kjent som «Villmarksjenta», viser ein filmsnutt av seg sjølv og følgjesvennen Vega på Finnmarksvidda i desember 2014.

Førre haust tok ho eit halvår fri for å dra på fem langturar. Det har vorte til andreboka «Eventyrlandet», som skal lanserast i oktober.

I tillegg er ho i desse dagar aktuell som ambassadør for Friluftslivets år 2015 og med NRK-serien «Eventyrjenter», som følgjer fleire friskusar på tur.

Ho er med andre ord vorte ein villmarking å rekne med på rekordtid.

LES OGSÅ: Fjellfilmsuksessen

Fjellrev
Ei raud Fjällreven-bukse går roleg att og fram på scena. Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor den svenske turklassikaren har sett sitt snitt til å verte den norske 19-åringen sin hovudsponsor.

– Det er sånn i livet at alle har me draumar og mål. Nokon draumar om å reise jorda rundt. Andre vil verte best på ski. Kanskje drøymer du om ein spesiell jobb, eller å vinne i lotto. Min draum er å leve av friluftsliv, byrjar Maria med stø stemme.

Den draumen er ho på god veg til å oppfylla ved hjelp av skriving, film, foto og foredrag.

For 19-åringen byrja det store eventyret i 2011 då TV2 kontakta ho for å laga dokumentaren «Villmarksjenta», som gjekk på tv i januar 2012.

Den sommaren la Maria ut på langtur mutters åleine. På 50 dagar gjekk 16-åringen Noreg på tvers.

Året etter kom førsteboka «Villmarksjenta» og ungjenta vart kåra til Årets villmarking.  

Friluftslivsambassadøren vil formidla turglede og livsglede. Sjølv treng ho å kome seg ut på tur for å kjenne at ho lev i augneblinken. Det er først og fremst på tur åleine at ho opplever den største mestringskjensla og kjem nærast både naturen og kjenslene sine. 

– Men samstundes som naturen er flott og idyllisk er han òg omsynslaus. Han tek ikkje omsyn til om du er sliten, difor må ein alltid vere i stand til å ta rette avgjersler, seier Maria, som meiner mykje av hemmelegheita ligg i ei positiv innstilling.

LES OGSÅ: Vil gjere det enkelt å kome seg ut

Ei pingle på tur
«Det man vil, det får man til!» står det på innsida av den blå teltduken på skjermen. Maria har vore nøydd til å leggje seg oppi sekken for å halda varmen.

Men det var slett ikkje sjølvsagt at den sjølverklærte pingla skulle kome seg så langt at ho vert invitert til å forelese for fleire hundre ivrige friluftsentusiastar.  

Maria har slitt mykje med mørkredsle og er nervøs for store dyr, som moskusen på Dovre. Likevel er det ein ting som er skumlare enn alt anna.

– Det eg er mest redd for når eg er på tur er at nokon med vonde hensikter skal kome og finne meg, forklarar Maria til publikum.

For Villmarksjenta starta friluftsinteressa med familieturar i nærområdet på Øståsen i Hadeland. Der skulle ho òg møta ei av sine største utfordringar for eitt år sidan.

Den tredje av hennar fem turar byrja idyllisk, men ein kveld oppdaga ho gjørmete fotspor på liggjeunderlaget. Uvedkommande hadde vore i teltet og stole alt av verdisaker.

– Dei stal ikkje berre tinga mine, men òg den tryggheita eg hadde brukt så lang tid på å opparbeida meg.  

Likevel kom Maria seg etter fleire forsøk ut på tur att.

– Eg trur det er viktig å setje av tid til å halde på med det som gjer oss lykkelege. De har berre eitt liv. Det betyr at de har ein moglegheit og sjanse til å gjera livet dykkar best mogleg – og då må de følgje draumane dykkar, er oppmodinga frå scenekanten.

LES OGSÅIn å vera ute

Ei sjølvbygd gamme
Denne hausten ventar nye utfordringar. 19-åringen har takka ja til plass på Nordic School of Photography i Oslo, men er fast bestemt på å ikkje gro fast inne på skulebenken.

– Eg er heilt bestemt på at eg ikkje skal leggje ta pause frå friluftslivet i to år. No har me sagt opp leilegheita og eg skal flytta ut i ei sjølvbygd gamme, smilar Villmarksjenta, som lovar å ta med seg kamera denne gongen òg.