Her er nokre av fjorårets beste foto
Sjå nokre av fjorårets beste fotografi, som var med i Sony World Photography Awards 2026.
Sony World Photography Awards 2026 er ei prestisjetung prisutdeling for fotografar. Utdelinga blei arrangert for nittande gong i år.
Blant vinnarane er norske Vilma Taubo, som vann i kategorien «still life», eller stilleben, for prosjektet Talking Without Speaking, der ho har tatt bilete av kvardagslege ting som har blitt symbol på protest.
Hagenelliken blei eit symbol under eit kupp i Portugal i 1974, der demonstrantane fredeleg avsette det diktatoriske styret. Hendinga blir no kalla nellikrevolusjonen.
Badeanda blei eit symbol i Thailand under demonstrasjonar mot myndigheitene i 2020.
Vinnaren av den prestisjetunge prisen «Årets fotograf» er Citlali Fabián. Biletserien hennar Bilha, Stories of my Sisters er laga for å inspirere unge jenter med positive rollemodellar.
Vinnarane i dei gjævaste kategoriane vinn opp til 25 000 dollar og utstyr frå Sony.

Foto: Pablo Ramos/Sony World Photography Awards 2026

Foto: María Fernanda García Freire/Sony World Photography Awards 2026

Foto: Morgan Otagburuagu/Sony World Photography Awards 2026
Jubair Ahmen Arnob blei «Årets studentfotograf». Han studerer i Bangladesh, og vann for serien «The Place Where I Used to Play». Under er eit bilete han tok av ein mann i ei elv utan fisk, der ballongdyr erstattar fiskane som forsvann.
Biletet under blei tatt av australske Elle Leontiev, som vann «Open Photographer of the Year». Portrettet er av vulkanologen Philip. Ein vulkanolog forskar på vulkanar.
Konkurransen fekk inn meir enn 430 000 bilete frå meir enn 200 land og territorium, ifølge arrangørane.
Eit utval bilete frå premieutdelinga blir stilte ut på Somerset House i London frå 17. april til 4. mai.
















