Vil motivera jenter til motorcross

Den 17 år gamle norske motocross-stjerna Genette Våge vil få fleire unge jenter til å satsa på sporten.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Bømlo-Nytt.

– Det var så kjekt å helsa på Genette Våge. Eg håpar å bli like god ein dag. Eg elskar motocross og kjem til å satsa knallhardt framover for å bli best mogleg, seier 13 år gamle Silje Helen N. Flister frå Bømlo Motorsportklubb.

Sist onsdag kveld var ho mellom dei fyrste som ynskte noregsmeisteren i motocross velkomen til banen på Våge, då stavangerjenta kom fram, køyrd av faren, i teamet hennar sin flotte buss.

LES OGSÅ: Lærer motor på kulturskulen

Vil inspirera
– Det blir ofte litt oppstuss når eg reiser rundt slik. Eg synest det er kjekt å helsa på yngre utøvarar. Eg hugsar sjølv korleis det var då eg var liten, korleis eg såg opp til dei som var eldre enn meg. Kan eg vera med å motivera fleire til å satsa på motocross, ikkje minst jenter, så er det berre bra, smiler snart 18 år gamle Genette Våge frå Stavanger.

Jenta har køyrd motocross mest heile livet, og det vart snart klart at ho var eit talent utanom det vanlege. For ikkje mange dagane sidan kom ho heim etter å ha køyrd VM-runde i Thailand.

I fjor vart ho noregsmeister i motocross. Ho deltok også i den svenske meisterskapen, der det vart sølv.

Det går i skule og motocross for ungjenta. Mykje av tida er ho i Belgia, nærare bestemt Lommel, der ho no har trenar, eigen manager og er knytt opp mot eit profesjonelt støtteapparat. Både mekanikar og helsepersonell er med ho rundt på konkurransar. I VM-runden i Thailand, den andre for året vart det sjuandeplass. Genette Våge ligg no på sjetteplass samanlagt i VM.

Framover ventar nye VM-rundar, i juni kjem den fyrste av tre NM-rundar og ho skal også vera med i den svenske motocrossmeisterskapen i 2015.

– Eg har køyrd denne banen mange gongar, og likar han godt. I dag skal eg trena på svingteknikk. Det er lange bakkar og hopp, og så er han rask, seier Genette Våge om motorsportbanen på Våge.

LES OGSÅ: Droppa fotball til fordel for motorcross

Ei proff-satsing
Onsdag kveld gjennomførte ho tre økter på banen før ho og faren vende nasa sørover mot Stavanger att.

– Treningsrundane hennar i kveld blir tekne på tid, forklarer pappa Ole Petter Våge.

Fram til Genette Våge fekk store sponsorar på plass som gjorde eige lag mogleg, gjekk alt familien hadde av fritid og pengar til å støtta jenta i sporten.

Faren fungerte som trenar, mekanikar, manager, reiseleiar og sjåfør i mange år. No har han blitt meir ein manager.

– Litt som ein pappa Northug, kanskje?

– Ja, nesten litt slik, smiler han.

– Det kom til eit punkt der eg ikkje hadde meir å tilby som trenar. Difor er eg glad for at ho no vert teken vare på av eit profesjonelt apparat. No får eg ikkje ein gong lov til å skru på syklane hennar, det er det berre stallmekanikaren hennar som får lov til, fortel faren.

LES OGSÅ:16-åringar kan køyra denne bilen

Køyrde klokt
Treningsleiar for kvelden på motorsportbanen på Våge, var denne onsdagen Karl Undheim.

Han let seg fort imponera av køyringa til motocrosstalentet frå Stavanger, kunne han fortelja til Bømlo-nytt.

– Det tok ho berre ein runde rundt banen, så hadde ho funne ut kor det beste sporet var. Eg la merke til at når ho passerte oss for andre gong, la ho seg lenger inn mot venstre, der banen er fastare. Der sparar ho tid. Ser du på dei andre, som ikkje er så medvitne på dette, legg dei seg ut mot midten, der grusen er laus og grepet dårlegare. Ho veit tydeleg kva ho driv på med, var den rosande dommen frå Undheim.