Vikingane brukte magi i krig

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Og det var ikkje berre kvinner som var hekser. Tvert i mot: I Vikingtida utøvde like mange menn magi.

Det er i boka «Witchcraft and Magic in the Nordic Middle Ages» Harvardprofessor Steven Mitchell dokumenterer den utstrekta trua på og bruken av magi i vikingtida i Norden.

Eliteprofessor i skandinavistikk
Han snakkar flytande svensk og er professor i skandinavistikk (skandinaviske studier) og folklore, vitskapen om folkeminne. Dei  siste førti åra har han nytta til å forske på vikingtida, og no har han publisert boka som dokumenterer både trua på og bruken av hekser i vikingtida.

For å dokumentere påstanda si har Mitchell nytta eit vidt materiale som både inkluderer det historikarane kallar «forteljande kjelder»  og «normative kjelder». Forteljande kjelder er til dømes skjønnlitteratur som sagaer, som fortel noko om korleis fantasilivet i vikingtida var, og normative tekster som lover og domfellingar, som fortel noko om korleis dei ønska å innrette samfunnet. 

LES OGSÅ: Musikal om svartedauen

Boka har mange fans blant magientusiastar i alle formar. Rune Blix Hagen, førsteamanuensis i historie og religionsvitskap ved Universitetet i Tromsø, kallar boka «eit nybrotsarbeid» i si entusiastiske melding i Historisk tidsskrift (nr 1/2012).

Han har venta på bok i ti år, og  meiner dette er det første arbeidet som går grundig inn på trolldomstru i vikingtida med  kjelder frå heile Norden. 

Menn var heksar
Medan trolldomsforskarar tidlegare har forska mykje på hekser og trolldom etter reformasjonen, med fokus på forfølgjing av heksene,  har det vore mindre forsking på trolldom førkristne tider.

Vikingtidas trollmenn var sterkt påverka av samisk sjamanisme, meiner Mitchell.  I staden for å ha hekser som flaug på kosteskaft trudde vikingane på trollmenn som kunne forandre verda rundt seg.

LES OGSÅ: Ny app for tidsreiser

For det var det var ikkje først og fremst kvinner som nytta magi i vikingtida:

 – I sagaene er det som regel men som grip til magi, og kallar på ånder som skal ta vare på familiane eller hjelpe dei å kjempe ned fiendar, seier Mitchell til videnskab.dk

Skremte bort kongen med ånder
I dei norrønne sagaene er det mange historier om korleis åndene kunne hjelpe til i politiske konfliktar. Mitchell trekk fram Egils Saga der hovudperson Egil Skallagrimsson nyttar eit hestehovud på spidd til å mane fram ånder som skal jage kongen ut av landet.

I sagaen endar det med at Eirik Blodøks og dronninga hans Gunhild flyktar til Storbritannia.

 – Vi veit frå andre kjelder at Eirik Blodøks faktisk flykta til Storbritannnia i verkelegheita, forklarar han vidare.

LES OGSÅ: Vikingar i tjukkaste Afrika

Kjærleik og impotens
Der menn var oppteken av å mane ånder for å verne mot vald eller auke eiga lukke i krig, var kvinner typisk oppteken av kjærleik: Dei nytta magi for å påverke kjensler, men òg meir fysiske aspekt,  som potens.

Som eit døme trekk Blix Hagen i meldinga si fram rettsprosessen mot Ragnhild Tredgagås, som i 1325 mellom anna blei anklaga for å gjennom trolldom ha forårsaka impotens.

Ho blei dømd til faste på brød og vatn og sju års pilgrimsferd utanfor Noreg. Ei ganske mild straff, i forhold til heksebrenninga som skulle finne stad i seinare tider.

QUIZ: Er du god på historie? Prøv deg på den store krigsquizen vår!