Dårlegast på likestilling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Departementet til Solveig Hornes (Frp) har ein stab på 205 personar der 71 prosent er kvinner. Blant konsulentar og sekretærar er kvinnedelen 83 prosent, men seks ekspedisjonssjefar med lik kjønnsbalanse rettar opp noko av inntrykket, skriv Stavanger Aftenblad.

LES OGSÅ:Få teikn til meir likestilling

Mest pengar til menn
I Utanriksdepartementet (UD) er kjønnsfordelinga mellom kvinner og menn likast. Her er det 53 prosent kvinner når også internasjonalt tilsette blir rekna med.

I både Olje- og energidepartementet og Samferdselsdepartementet er kvinnedelen 53 prosent.

Lønnsforskjellane er størst i Olje- og energidepartementet. Her har kvinnene 82 prosent av lønna til mennene. I departementet til Horne tener kvinner 92 prosent av det mennene gjer. (©NPK)

LES OGSÅ: Bryt mållova: Skriv for mykje nynorsk