Vassendgutane slår Bieber

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir populære enn Justin Bieber

 Vassendgutane si nye plate «Hesteslepp» er for tida den mestseljande i Noreg.

Det er første gongen Vassendgutane har vore to veker på førsteplassen på rad. For tida er karane frå Åmdalen meir populære enn Håkan Hellstrøm, Deep Purple og Justin Bieber.

«Hesteslepp» er til no selt i meir enn 20.000 eksemplar, og er også tilgjengeleg på nettenester som Spotify og WiMP.

Trass i stor interesse frå publikum over heile landet, er VG sin musikkmeldar Morten Ståle Nilsen meir lunken til plata.

«Vassendgutane har humor. Men musikken er liksom både slapp og stiv, melodiene uoriginale, og får en i beste fall til å sette enda mer pris på Hellbillies.» seier Nilsen og rullar ein toar på terningen.

LES SISTE MUSIKKNYTT HER!

Høyrer heller på Grimstad

Sindre Aam i Vassendgutane tek seg ikkje nær av terningkastet.

– Den typen musikk som vi lagar vert ofte meld slik. Men vi har også fått gode karakterar på plata, og det frå folk som har sete seg meir inn i plata enn VG-meldaren. Vi tek mykje meir høgtideleg ei platemelding frå Kyrre Grimstad enn frå VG. Det er tydeleg at Grimstad veit kva vi driv på med og har sete seg inn i det. Då er det kjekt å verte meld, seier Aam.

– Vi er uansett godt nøgde med utviklinga vår. Vi føler vi har fått ein ny giv med nye folk i bandet. Kim Eirik Lillestøl, Frank Willy Utgård og Alf Rune Melby har kome inn, og då merkar vi at vi skjerpar oss litt. Så det har vore veldig positivt.

Laurdag om ei veke spelar Vassendgutane på heimebane i den nye fotballhallen i Ørsta sentrum. Sist dei hadde storkonsert i Ørsta var i 2011 då dei spelte på utstillingsplassen. Aam ser fram til å prøve Kiwi-hallen som konsertscene.

– Eg har vore og sett på hallen, og han ser ut til å verte bra. Dette har vi trua på, seier han.

Vassendgutane si plate "Hesteslepp" er inne på ei andre veke i toppen av Topp 20-lista. 

Les saka i Mørenytt!