Eit system for svik

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det som manglar når ein snakkar om tysk samtidslitteratur, er naturleg bruk av historia. Dette er ikkje ein DDR-roman, men ein oppvekstroman som er lagt til DDR, understrekar Simone Stibbe, forlagssjef i Skald forlag.

Jenta kom ut på Skald forlag i november i fjor. Handlinga går føre seg i DDR på slutten av 70-talet. Jenta, som vi aldri får vite namnet på, blir utsett for grov omsorgssvikt i heimen. Jenta blir heller ikkje fanga opp av skule, barnevern eller andre vaksne slik ho skal. Etter kvart blir ho sendt på ein barneheim, utan at det gjer livet lettare.

Mot skråplanet
Mange av skildringane i boka er brutale:

«Neste morgon er mora i spesielt elendig humør, kallar dottera eit misfoster og fortel at ho dessverre forgjeves prøvde å abortere henne. Utførleg skildrar mora dei blodige detaljane, og dottera trur henne med ein gong. På veg til skulen susar det i hovudet, som om det var ein bisverm der. Ho veit ikkje korleis det skal gå vidare, ho har kjensla av å ikkje høyre til nokon stad.»

Vi får historia om eit svikta barn som det offentlege systemet korkje vil eller kan ta seg av.

– Det ho får av tilbakemeldingar, fører til at ho fell meir og meir på utsida. Det ville nok ikkje skjedd på same måte i eit demokratisk land. Systemet har ikkje interesse av å hjelpe jenta, forklarar Stibbe.

– Svært truverdig
Stibbe, som sjølv er oppvaksen i Austtyskland, meiner både unge og vaksne vil ha utbyte av å lesa denne romanen, men at dei vil sjå historia frå ulike sider. Ungdom vil prøve å forstå hovudpersonen, medan vaksne heller vil ha fokus på omsorgsdelen.

– I starten blir ein distansert, men etter kvart forstår ein at jenta også har heilt vanlege sider. Ho er forelska, flink i skulen og har eigne meiningar. Unge lesarar vil dermed prøve å forstå vala ho tek for å redde seg ut av ulike situasjonar. Vaksne vil sjå meir på at mora ikkje er til stades, og at jenta får for mykje ansvar for broren sin til å vera så ung, trur Stibbe.  

Forlagssjefen er ikkje i tvil om at boka er relevant, også for norske lesarar.

– Jenta passar ikkje inn i den normerte måten ein DDR-ungdom skal vera på. Også i Noreg har vi barn og ungdom som slit i skulen. Sjølv om det ikkje er statleg styrt, er det ei slags samfunnsstyring på kva du skal vera og kva du skal like. Også dei som er flinke får for lite merksemd, fokuset ligg på dei store massane.

Stibbe veit ikkje om innhaldet iJenta er sjølvbiografisk, men meiner det er for nærgåande til å berre vera basert på historiekunnskap.

– Klüssendorf skildrar på ein svært truverdig måte. Ho må ha sett, høyrt eller opplevd noko som har inspirert. Eg trur også norsk ungdom vil oppleve denne jenta som truverdig, seier Stibbe.

LES OGSÅ: Den germanske maskina

Det unge perspektivet
DDR-tematikken er nok det som først og fremst vil lokke lesarane, trur Stibbe. Det særeigne med denne romanen er at ein får innblikk i DDR og tysk historie frå eit såpass ungt perspektiv. Den tyskætta forlagssjefen meiner den store interessa for DDR i Noreg ikkje er unaturleg.

– Det har vore eit band mellom Noreg og DDR historisk, og mange nordmenn har vore i DDR. Landet tok ein del løysingar frå Skandinavia. Mellom anna oppbygging av skulesystemet, der ein vel allmenn eller yrkesskule først når ein nesten er vaksen, minnar ho om.

Stibbe peikar også på ei artig tilknyting gjennom Jon Blund, som eigentleg heitte Herr Sandman, og vart sendt i ein statleg styrt tv-kanal i Austtyskland. I Noreg vart han brukt som kopling til Unicef.

– I tillegg har det vore ein sterk venstreorientert politisk tradisjon i Noreg, påpeikar Stibbe.

Først publisert i Magasinett.

Gå til boksidene våre her!