Trygg Trafikk åtvarar mot pokémonar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trygg Trafikk åtvarar mot Pokémonar

– Det har vore ein sterk auke i talet på omkomne i trafikken. Vi har ikkje fått dei offisielle tala for juli enno, men basert på rapportane vi har fått frå politiet, ser ikkje dette bra ut. Alt halvvegs i juli hadde vi passert nivået frå juli i fjor, seier seniorrådgjevar Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk til NTB.

Ifølgje Trygg Trafikk har minst 15 personar mista livet i trafikken så langt i juli, men dette talet kan bli justert når den offisielle statistikken er på plass.

– Vi kjem til å passere fjorårets tal for dei to første sommarmånadane, og det er trist. Det som går igjen, er møte- og utforkjøringsulykker. Vi ser at det er for mange umerksame sjåførar, seier Johansen.

Pokémon-jakta har allerie ført til både trafikkbøter og kyrkje-invasjonar. Les meir om spelet her!

God trend snur
Frå januar og ut juni månad har 61 personar omkomme i trafikken. Statistisk er det fleire dødsulykker i trafikken om sommaren enn om vinteren i Noreg. Dødstala har likevel heldt seg låge i fleire år, men trenden er i ferd med å snu, ifølgje Trygg Trafikk.

I juni var det òg langt fleire som omkom i trafikken enn det var på same tid i fjor, og Trygg Trafikk trur denne negative tendensen held fram i juli.

– Vi er uroa, og vi ser at vi har eit brot på den positive utviklinga vi har hatt over lang tid. Det har vore færre og færre drepne i trafikken. Med 117 dødsfall i fjor, gjer det oss til det beste landet i Europa og verda elles. Men så ser vi at på våren og forsommaren har det skjedd ei endring. Det er ikkje lett å finne årsaka, men éi forklaring er at det er stadig fleire ting i trafikken som legger beslag på merksemda, seier Johansen.

Visste du forresten at musikken du høyrer kan gjere deg til ein farlegare sjåfør? Her er musikken du bør høyre på i bil – og musikken du bør styre unna.

Mobilen stel merksemd
At merksemda er andre stader enn gjennom frontruta på bilen er ei stor utfordring, meiner han.

– Det kan vere alt frå dagdrøyming til at ein svarer på tekstmelding, til at ein leiter etter ein Pokémon. Vi skuldar ofte på høg fart som årsak til ulukker, men det er heilt grunnleggjande at ein har blikket festet på trafikken og vegen, seier Johnsen.

Seinast i helga blei eit par bøtelagt i Drammen for å køyre i feil retning då dei spelte det enormt populære mobilspelet Pokémon Go.

Altfor mange svarer på tekstmeldingar medan dei sit bak rattet.

– Den som er sjåfør må berre vere sjåfør, så får heller dei andre i bilen vere Pokémon-trenarar, seier Johnsen. (©NPK)

Les meir:

Ein del spel blir omsett til norsk – nokre finst til og med på nynorsk – men er det naudsynt?

Forskarar bygde ein mikrovariant av Pac-Man – 1mm stor! Sjå video her.