– Truleg få kvinner i kommunestyret etter valet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Neppe fleire kvinner

Saka var først publisert i Tysnesbladet. 

– Eg skulle gjerne ynskt at fleire kvinner var med i politikken og i kommunestyret. Men eg tenkjer at ein må bli valt inn. Eg er imot kjønnskvotering, seier Vigdis Frugård Tvedt, kommunestyrerepresentant for Venstre.

Ho er ei av fem tysnesdamer som er faste representantar i kommunestyret, som består av 21 representantar denne perioden. Ifølgje valforskar Yngve Flo som jobbar ved Rokkansenteret ved Universitetet i Bergen, ser det ikkje ut at det blir nokon tydeleg endring i maktforholdet mellom kjønna etter valet i haust.

– Ved førre val fekk åtte kandidatar, to kvinner og seks menn, røystetillegg, som vil seia at dei langt på veg er garanterte ein plass i kommunestyret. I år gjeld det seks kandidatar, fire menn og to kvinner. Skilnaden sidan førre val er i hovudsak at Framstegspartiet den gong gav røystetillegg til fire menn, mot berre éin mann på årets liste, seier Flo.

Samstundes har begge dei to partia som ikkje gjev røystetillegg til nokon kandidatar i år, mannlege toppkandidatar. Formelt sett har ikkje dette noko å seia, men forskning synar at veljarane vert styrt mot kandidatar som står høgt på lista, seier Flo.

– Dessutan er det berre 35 prosent av totalt 105 listekandidatar framføre valet i haust, som er kvinner. Alt i alt gjev ikkje dette grunn til å tru at det blir ei tydeleg styrking av kvinnerepresentasjonen. Men mykje er naturlegvis avhengig av endringar veljarane gjer på listene, seier han.

LES OGSÅ: Norske kvinner kan mindre om politikk enn menn 

– «Gamle menn» nominerer
Medan kommunestyret på Tysnes består av omlag 24 prosent kvinner, ligg gjennomsnittet for kommunane i landet på nær 40 prosent. Flo seier det kan vera mange grunnar til at det er få kvinner i lokalpolitikken på til dømes Tysnes.

– Me har ikkje funne tendensar til at mannlege veljarar vel menn og kvinnelege veljarar vel kvinner. Men me ser ofte at kvinner reserverer seg mot å engasjera seg, og har vanskeleg for å frigjera tid. Ofte sit det lenger inne å få kvinner til å stilla enn menn, kanskje fordi der i overkant sjølvkritiske, seier han.

Flo peiker også på at dei som sit i nominasjonskomitéane gjerne er menn over 50 år.

– Sjølv om intensjonane kan vere dei beste, har dei lett for å finne kandidatar som er like seg sjølve. Ofte leitar dei etter kandidatar med erfaring, men i og med at dei fleste som har politisk erfaring er menn, fungerer det i praksis som eit forkledd mannsargument. For å finna kandidatar til listene leiter ein dessutan gjerne blant medlemmane, men det er fleire menn enn kvinner som er partimedlemmar, seier han.

Samstundes legg Flo vekt på at dess større kommunen er, jo enklare er det å finne kandidatar, og også kvinner til listene.

– Ein vil jo helst ha eit kommunestyre som speglar kommunen. Ein vil til dømes ha folk frå alle delar frå kommunen og i alle aldrar, seier han.

LES OGSÅ: Rekordmange folkevalde kvinner i verda

Tilbod om hjelp
Få kvinner i kommunestyret på Tysnes er ikkje noko nytt. Ein må faktisk tilbake til 1987 for å finna fleire enn 30 prosent kvinner i det folkevalte organet. Kommunen har heller aldri hatt kvinneleg ordførar.

– Kva kan ein gjera for å få fleire kvinner inn i politikken?

– Det har vore diskutert å gjera noko med møteavviklinga og andre delar av rammene kring den politiske verksemda. Synleggjering er viktig, for veljarane går etter dei som dei kjenner til frå før. Partia må bli flinkare til å la kvinner fronta saker i avisene, seier Flo.

I fjor reiste han og andre valforskarar rundt i Noreg for møta politikarar i kommunane som har færre enn 30 prosent kvinner kommunestyret. 72 kommunar fekk tilbod om hjelp, blant dei var Tysnes. Flo var difor innom kommunestyret i fjor haust.

LES OGSÅ: 12 menn – 0 kvinner 

Mange organisasjonar
Kristin Teigland Gjerstad Kleppe (Sp), som er den einaste kvinnelege ordførarkandidaten framføre valet i haust, trur det kan ha noko med arbeidssituasjonen til kvinner, at færre kvinner enn menn stiller til val og som listetoppar.

– Å vera politisk aktiv tek tid. Tysnes er full av lag og organisasjonar. Det skal noko til å engasjera seg i alt, og ein er gjerne engasjert der borna er med, seier ho, og forklarar at Senterpartiet prøver å få kvinner til å stilla som kandidatar.

– Kva er grunnen til at du takka ja til å vera listetopp?

– Eg er engasjert og har lyst å påvirka, seier Kleppe.

– Kjem de til å ha spesielt søkjeljos på dei kvinnelege kandidatane før valet?

– Me kjem til å synleggjera alle.

– Tenkjer på det
Utanom Venstre, som har like mange kvinner som menn på lista, er Arbeidarpartiet også ei av listene som har flest kvinner. Over 40 prosent av Ap-kandidatane er hokjønn, i tillegg er Anne Merete Fjeldstad blant dei to som har fått tilleggspoeng på lista. Ingrid Restad, som sit i nominasjonskomiteen, seier partiet har søkjeljos på å få med kvinner.

– Kjem de til å ha spesielt søkjeljos på dei kvinnelege kandidatane før valet?

– Me har alltid teke omsyn til kvinnerepresentasjon når lista skal setjast saman. Eg synest me har gjort en god jobb. Likevel er det ikkje tvil om at me har ein jobb å gjera. Det er alt for få kvinner i politikken.

Tore Atle Humlevik er med i nominasjonskomiteen for Høgre, som har 25 prosent kvinner på vallista. Saman med Miljøpartiet Dei Grøne har dei færrast kvinner av alle vallistene på Tysnes.

– Me prøver å få med så mange kvinner som mogleg, men dei vil ikkje, og me kan ikkje tvinga folk, seier han.

– Kjem de til å gjera noko spesielt for å satsa på kvinner før valet?

– Me har prøvd å fordela lista bygdemessig og kjønnsmessig, men me kjem ikkje til å ha spesielt søkjeljos på akkurat det no før valet. Det er eit felles problem for alle listene.