12 menn – 0 kvinner

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

– Eg synest det er sterkt beklageleg at dei ikkje har makta å få nokon kvinner på dei øvste plassane, seier Gudny Fagerhol. Ho var ordførar i Ørsta mellom 2007 og 2011, og er den hittil einaste kvinna som har hatt ordførarvervet i kommunen.

Slik ser det ut til å halde fram.

Seks av åtte parti i Ørsta har offentleggjort nominasjonslistene sine til kommunevalet i haust. Desse inkluderer fleire tungvektar-parti: Høgre, Arbeidarpartiet, Frp, Senterpartiet, Venstre og KrF. Alle har mannlege ordførarkandidatar.

LES OGSÅ: Rekordmange folkevalde kvinner i verda

Situasjonen er den same i Volda. Her er det berre Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne som ikkje har offentleggjort listene sine. Dei seks som har levert, har alle mannlege ordførarkandidatar.

Alle dei 12 ordførarkandidatane vi kjenner til i Ørsta og Volda per i dag, er altså alle menn.

– Er problemet at kvinner ikkje vil vere listetoppar eller at dei ikkje slepp til?

– Det kan vere begge deler. Det er klart at ei småbarnsmor  ofte ser seg sjølv som uaktuell fordi tida ikkje strekker til, men eg trur det finst nok dyktige kvinner i politikken som kunne vore listetoppar, seier Fagerhol.

LES OGSÅ: Færre kvinner stiller på topp

Då ho var ordførar i Ørsta, var det også kvinnelege ordførarar i Volda (Ragnhild Aarflot Kalland) og Ulstein (Hannelore Måseide). I dag er det ingen kvinnelege ordførarar på Søre Sunnmøre. 

– Eg trur det var tilfeldig at vi plutseleg vart tre kvinner den gongen. Men då eg gav meg, sa eg at eg kom til å henge åleine som kvinne på veggen med bilde av ordførarane i Ørsta i overskodeleg framtid. Det ser det ut til at eg får rett i, seier Fagerhol.

Ho trur det har mykje å seie å ha ein god kjønnsbalanse i politikken.

– Det er ikkje tvil om at kvinner og menn ser ulikt på mange ting. Om det er ein god balanse mellom kjønna, kan vi diskutere oss fram til gode løysingar i fellesskap. Det er til dømes heilt på det reine at kvinner har ein tendens til å ivareta dei mjuke verdiane i større grad enn menn. Eg trur ikkje det hadde skada med meir av den typen verdiar i Ørsta, for å seie det slik.

LES OGSÅ: Norske kvinner kan mindre om politikk enn menn