Torun er landets yngste redaktør

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den unge redaktøren i lokalavisa Snåsningen blir fasinert av moglegheitene til å skape gode diskusjonar og til å skape endringar.

– Som både journalist og redaktør har ein stor påverknadskraft. Til ei viss grad bestemmer me kva folk skal snakke om, kva dei skal meine, og vere opptekne av. Det er ei viktig oppgåve, og den blir spesielt viktig i ei avis som Snåsningen, der det me skriv om er så nært for lesaren.

Kvifor journalist?

– Heilt i starten, då eg framleis var ein skriveglad fjortis, handla det mest om å bruke språket. Sidan vaks det til å handle om samfunnsinteresse, og til noko så idealistisk som ønsket om å gjere verda til ein betre stad.

Vil løfte innhaldet
Inspirasjon får Støbakk frå engasjement, anten det er frå kjelder eller frå folk som ho har rundt seg.

– Og så blir eg naturlegvis inspirert av ei god sak. Eg er ikkje eldre enn at eg framleis heldigvis kan få puls av store hendingar eller nyhende i mitt dekningsområde.

Då ho byrja i redaktørjobben i 2012 sa ho til Dagbladet at målet framover blant anna var å løfte nyhendejournalistikken og dei samiske sakene. Trønder-Avisa kjøpte lokalavisa Snåsningen i 2010, avisa har i dag tre tilsette og har eksistert i 15 år. I jobben som redaktør er ho avhengig av tilbakemeldingar frå lesarane.

– Eg er glad for at folk meiner såpass mykje. Viss ikkje hadde det heller ikkje vore spesielt motiverande å jobbe med avisa, det ville jo betydd at me gjorde alt feil. Personleg tar eg meg ikkje nær av kritikk eller tilbakemeldingar, eg blir faktisk litt letta. Me skal engasjere, og gjer me ikkje det gjer me noko feil.

Drøymer om meir feature
I framtida drøymer ho om å dyrke feature-journalistikken, og gjerne i ei større avis, med litt meir folk å spele på.

– Eg synest feature-journalistikken, gjort på rette måten, er eit sterkt verkemiddel. Eg har veldig lyst til å lære meg å meistre sjangeren fullt ut, slik til dømes Bernt Jakob Oksnes i Dagbladet gjer.

Kven har du som førebilete?

– Eg ser opp til folk som er litt slik ”no bullshit”. Folk som er dyktige på det dei held på med, og får til det dei vil fordi dei verkeleg vil.

Mange høgdepunkt
Det har vore mange høgdepunkt i den forholdsvis korte aviskarrieren. Det var stort å ha sin første nattevakt i Trønder-Avisa som 16-åring, og ikkje minst å få nyhendevikariat i avisa same året.

– Mi første framside i Trønder-Avisa som 15-åring var også stort den gongen. Det at eg fekk så mykje tillit tidleg, gjorde at eg i større grad stolte på meg sjølv og mine eigne vurderingar. Elles var det sjølvsagt eit høgdepunkt å få redaktør jobben i ein alder av 19 år.

– Kva betyr forventningane som dei rundt oss har?

– Nokre gonger betyr dei nok litt for mykje, mens andre gonger betyr andre sine forventningar mindre. Nokre ting er det på ein måte berre ein sjølv som kan bestemme. Då kan ikkje andre sine forventningar bli like viktige som dei kanskje blir på andre spørsmål. Eg forsøker alltid å i minst mogleg grad la meg påverke, men veit at eg ikkje alltid vil lukkast.

Les saka i Magasinett!