To millionar overvaker internett

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To millionar overvaker nettet

Det har lenge vore spekulasjonar om kor mange som er involverte i overvakinga av internett i Kina. Statskontrollerte Beijing News lettar no på sløret. ”Internettpolitiet” i Kina er både tilsett av staten sjølv, og kommersielle nettstader, melder avisa. Mange er tilsett berre for å søka på ord, for slik å overvaka dei titals av millionar av meldingar som blir posta dagleg på populære sosiale medium og mikrobloggar. Det melder BBC.

Fryktar sosial uro
Dei kinesiske sensurstyresmaktene har tett kontroll av elektronisk innhald. Dei fryktar for politisk eller sosial uro som kan utfordra makta til det kommunistiske partiet.

Styresmaktene har i siste åra forbode populære sosiale media nettstader som Facebook og Twitter. Sosiale medium var viktige i den arabiske våren som feia over Midtausten og Nord-Afrika frå 2010.

I fjor blokkerte styresmaktene The New York Times etter at avisa siterte dokument som viste at slektningar av den tidlegare statsministeren i Kina, Wen Jiabao, kontrollerte eigedelar til ein verdi av minst 2,7 milliardar dollar – noko styresmaktene tilbakeviste.

Dei siste månadene har styresmaktene trappa opp den allereie streng sensuren av innanlandske sosiale medium som den kinesiske versjonen av Twitter, Sina Weibo.

Fleire fengsla
Men trass i det store talet på overvakarar, er det ikkje alltid ein er i stand til å hindra uønskt kritikk på førehand. Hundrevis av menneske er fengsla for å spreia «rykte» på nettet, ifølgje nyhendebyrået AFP.

Høgsterett sa denne månaden at Internett-brukarar kan få tre år i fengsel viss ærekrenkjande informasjon som blir spreidd på nettet er sett meir enn 5000 gonger eller vidaresendt meir enn 500 gonger.

Fleire enn 500 millionar kinesarar er no på internett.