Tilbake til hallingen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stadig færre barnehageborn og skuleelevar i Hallingdal snakkar halling.

Tonje Halbjørhus er ei av dei som har vekse opp med kraftig bokmålspåverkning, og som har gjort eit bevisst val om å gå attende til dei språklege røtene sine.

No er ho skikkeleg hallingdøl att.

LES OGSÅ: Verdas fyrste dialektleir i Hallingdal

Ein ny start
– Eg har foreldre som pratar halling og prata det sjølv då eg var liten. Men eg byrja å prate bokmål fordi det var det dei andre ungane gjorde og det eg såg. Siste året på vidaregåande fann eg ut at eg syntes det var synd at eg slutta å prate halling, men det var ikkje så lett å plutseleg bytte midt i, forklarar 22-åringen.

Til det var året på Viken folkehøgskule – der ho gjekk jazz, pop, og rock-linja – ei gyllen mogelegheit.

LES OGSÅ: Danske dialektar døyr av låg status

Komponerte som 5-åring
Ho satsar på musikken, og har sommarjobb på Hemsedal hytte- og feriepark for å finansiere draumen.

Til dagleg studerer ho kultur og leiing på BI i Oslo og prøver å få så mange spelejobbar ho kan. Sist ut var Folkemusikkveka på Ål.

Ho har tidlegare kome langt i UKM, og har lasta opp nokre låtar på Soundcloud, men å melde seg på ein talentkonkurranse er ikkje aktuelt for Tonje. Ho trur ikkje ho passar inn i formatet. Då er det meir aktuelt å lasta opp låtar på Urørt.

Draumen er ei plate, men å gå i studio kostar pengar.

Tonje starta tidleg å skrive eigne låter. Som 5-åring var det vidarekomposisjonar av pianoklassikaren Lisa gjekk til skulen. I 7-8-årsalderen kom dei fyrste tekstane. Kva dei handla om minnest ho ikkje heilt, men dei var på bokmål, som den gong var mest naturleg for ho.

I bluegrass-perioden vart det engelsk, og med målskiftet vart tekstane halling.

– Ein utviklar seg heile tida som låtskrivar. No er låtene mine meir personlege enn før, og eg kjenner eg har landa litt, seier Tonje, som no skriv på det språket ho kan best.

LES OGSÅ: Hot halling på Bylarm

Lett overgang
Sjølv om ho snakka bokmål størsteparten av barneskuleåra, gjekk dialektskiftet uanstrengt.

– Det låg nok veldig i meg, og eg byrja å tenkje på dialekt veldig fort.

Men kva skjer eigentleg når ein kjem heimatt og snakkar ei heilt anna dialekt enn det vener og familie er van med?

Tonje fortel om utelukkande positive reaksjonar.

– Folk lurer på kvar eg kjem frå og det er mykje meir naturleg for meg å prata halling enn bokmål no, seier Tonje, som ikkje kan tenkje seg å skifte attende til bokmål etter tre år som dialektbrukar.

Musikalsk ser ho òg at tekstar på dialekt er ei trend.

Blant hennar eigne favorittar finn ein mellom anna målhelten Odd Nordstoga og den svenske visemannen Lars Winerbäck.

– Det er mange musikarar som brukar dialekt og me har så mange kule dialektar her i landet, så det tykkjer eg er flott. Det viktigaste er likevel å ha hjarta med seg, meiner den unge musikaren.