T-bane til sjøs

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag blir Urban Water Shuttle (UWS) offisielt lansert av Maritime Clean Tech Wests (MCTW) på Stord Hotell. Her vil mellom statssekretær i samferdselsdepartementet Jon Georg Dale vera til stades.

Urban Water Shuttle kan samanliknast med eit T-banenett til sjøs, drive av ein kombinasjon av brenselcelle og batteri, heiter det i ei pressemelding.

Næringsklynge
Maritime Clean Tech West (MCTW) er ein maritim og grøn næringsklynge med verksemder frå Sunnhordaland og regionane Bergen og Haugesund. Blant verksemdene bak er MCTW-bedriftene: Polytec, SKL, Apply, Servogear, Fjellstrand, Wärtsilä, CMR Prototech og EkerSandvik som har stått for i utforminga. Konseptet er finansiert av Transnova og nominert til Transnovaprisen 2014.

Eksportpotensial
– Behovet for miljøvennlege og kostnadseffektive transportløysingar vil auka dramatisk i verdas storbyar. Difor kan UWS like så godt brukast på Manhattan og i Singapore, som i Bergen og Oslo. Konseptet har dermed potensial til å bli eit grønt eksporteventyr med base på Vestlandet, seier Hege Økland, som er prosjektleiar for MCTW.

– Teknologien kan brukast innan fleire maritime segment, og prosjektet vil vera ein viktig referanse for norsk maritim industri innan området energioptimalisering og lågutsleppsteknologi. Norsk maritim industri har kompetansen til dette, neste steg er å få politikarar på banen, seier Nils Aadland frå MCTW.

Les saka i Sunnhordland!