Sveits skal stemme over borgarløn

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil gi alle 200.000 kroner i året

Over 120.000 underskrifter er samla inn for ei ordning som sikrar alle vaksne sveitsarar ei borgarløn på 2.500 sveitsiske franc i månaden, om lag 16.700 norske kroner, melder nyheitsbyrået Reuters.

Folkeavstemminga kan skje allereie neste vår.

LES OGSÅ: Vil gi alle minst 160.000 i året

Pengedumping
Initiativet om borgarløn i Sveits og Tyskland vart lansert av den tyske kunstnaren Enno Schmidt og den sveitsiske gründaren Daniel Häni for rundt sju år sidan. I 2012 starta initiativet om Bedingungsloses Grundeinkommen – ubetinga basisinntekt for alvor. Det er drive fram av ei gruppe privatpersonar, med støtte frå den sveitsiske greina av BIEN – Basic Income Earth Network.

Ideen er at løna skal sikre alle eit økonomisk tryggleiksnett.

Ifølgje forkjemparane kan ordninga delvis finansierast med pengar som i dag går til sosialforsikring.

Tidlegare i år dumpa tilhengjarar av forslaget 8 millionar småmyntar – ein for kvar sveitsiske innbyggjar – utanfor parlamentsbygningen i Bern.

Den sveitsiske regjeringa har erklært seg som motstandarar av forslaget. Det er likevel fleire politiske parti på venstresida som støttar borgarinitiativet, medan næringslivet og Sveitsisk folkeparti er mellom motstandarane.

LES OGSÅ: Kjempar for borgarløn i Venstre

Mot fallskjermar
I mars stemte sveitsarane fram eit forslag som gjev aksjeeigarane meir makt over leiarlønningar og skal hindre store fallskjermar.

Den 24. november skal folket igjen til urnene over leiarlønningar i det som kallast 1:12-forslaget – ei lov som avgrensar leiarlønningar til tolv gongar så mykje som den med lågast inntekt i same selskap.

Kritiske røyster er redde for at desse endringane kan gjere Sveits mindre attraktivt for utanlandske investeringar.

Sveitsiske Tatiana Fumasoli er forskar ved ARENA – senter for europeiske studiar, ved Universitetet i Oslo. Ho fortel at befolkninga i heimlandet føler at deira gode lønningar og velferdsgode er truga av den forandra økonomiske situasjonen. Ei vanleg oppfatning er at nokre få tener meir, medan majoriteten får dårlegare levestandard.

LES OGSÅ: Løn viktigare for utdanningsvalet til menn

– Urettvis fordeling av godene
I Sveits er det ikkje noko lovfesta minsteløn, men det er stemmer som kjemper for at den nedre løna skal verte fastsett til 26.700 norske kroner – 4000 sveitsiske franc.

I 2010 hadde kring 400.000 sveitsarar ei lågare løn enn den føreslegne minsteløna – som likevel er nesten dobbelt så høg som snittløna i Europa.

Fumasoli nemner sosial dumping som ein av grunnane til at debatten om borgarløn er komen opp i Sveits no.

– I nokre sektorar, som i salsbransjen har lønningane stagnert og i somme tilfelle gått ned. Nokre meiner det skuldast arbeidsinnvandringa, særleg mellom frå folk som dagpendlar frå nabolanda  Italia, Frankrike og Tyskland, skriv forskaren i ein e-post.

På den andre sida har ein bank- og forsikringsindustrien med høge lønningar, som folket allereie har stemt for å regulere.

– Alt i alt er det ei aukande kjensle av urettvis fordeling av godane, fortel sveitsaren.

I Sveits sin berømte bankindustri er snittløna nesten dobbelt så høg som i tekstilindustrien.

LES OGSÅ: Ikkje nøgde med løna

Avgjerande avstemmingar
Det er slett ikkje uvanleg at det sveitsiske folk trekkjer til stemmeurnene utanom dei tradisjonelle vala. Sveits er det landet som har flest folkeavstemmingar i Europa. Det er eit konsensusdemokrati der alle grunnlovsendringar og internasjonale avtalar må opp til folkeavstemming.

Sveits er kjend for sitt direkte demokrati, der kven som helst kan foreslå ei grunnlovsendring. Det einaste som trengst for at folket skal stemme over ei grunnlovsendring er over 100.000 underskrifter samla inn på under 18 månader. Folkeavstemmingane er bindande, ikkje rådgjevande, som i Noreg. 

For at forslaga skal verte vedteke må det verte fleirtal hjå heile befolkninga i landet, og i over halvparten av kantonene, eller fylka.

LES OGSÅ: – Løna hindrar rekruttering til landbruket

Forslag for norske forhold
Leiar i BIEN – Norge, Anja Askeland kjenner godt til det sveitsiske forslaget.

Ho fortel at eit tilsvarande initiativ for heile EU-området starta opp i år. Her er målet å samle ein million stemmer innan eitt år er gått, for å sette borgarløn på den politiske agendaen.

Sjølv om andre land – som Finland, Tyskland og Frankrike – har ein offentleg debatt om borgarløn, er det ingen land som ligg så nær ei innføring av ordninga som Sveits.

Askeland meiner det sveitsiske forslaget er godt utforma òg for norske forhold.

– Ei borgarløn skal vere høg nok til at ein kan leve eit verdig liv og til å kunne delta i samfunnslivet. Borgarløna skal utbetalast som ein rett og borgaren skal ha reell fridom. Det inneber òg fridom til å seie nei til ein jobb. Diverre er dette svært urealistisk å få gjennomslag for politisk i dag, for arbeidslina dominerer velferdsdiskursen i Noreg, skriv Askeland i ein e-post.

LES OGSÅ: Norske fedrar er i europeisk særstilling

Auka interesse
Askeland opplever at interessa for borgarløn er aukande her heime. Ho fortel mellom anna at mange trygda kjenner seg stigmatiserte.

– Det er òg mange som slit med tidsklemma og andre som har store, tunge omsorgsoppgåver, men som møter eit rigid regelverk.

Andre plassar ho ser behovet for borgarløn er hjå kunstnarar og folk som er engasjert i frivillig arbeid.

Av dei norske politiske partia på Stortinget er det berre Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) som i dag går inn for eit pilotprosjekt med borgarløn, eller samfunnsløn.

Venstre har tidlegare jobba for borgarløn og har dette i sitt prinsipprogram, men har stryke borgarløn frå sitt nyaste partiprogram. 

Partiet Raudt jobbar for å prøve ut samfunnsløn, som skil seg frå borgarløn sidan det berre skal gå til dei som står utanfor arbeidslivet.

Uvisst utfall
Leiaren i norske BIEN ser ikkje for seg at andre europeiske land enn Sveits kan innføra borgarløn i næraste framtid. Men i alpelandet trur ho at forslaget har ein reell sjanse.

Ifølgje sveitsiske Fumasoli er ikkje utfallet av folkeavstemminga over borgarløn gitt på førehand. For samstundes som mange er einige i at minsteløna må regulerast, har Sveits ein liberal økonomi og er tilbakehaldne med å fikse problem gjennom lover.

– Det er framleis ei vanleg oppfatning at marknaden kan regulere seg sjølv, fortel Europa-forskaren.

Faktaboks

Forslaget om borgarløn i Sveits:
16.700 NOK i månadleg basisinntekt for alle vaksne innbyggjarar.

Lønnsnivået i Sveits (2010):
Snittløn er på 39.900 NOK
Banksektoren: 62.500 NOK
Tekstilindustrien: 32.500 NOK
Forslag om minsteløn: 26.700 NOK