Norske fedrar i europeisk særstilling

Medan norske fedrar kan ta ut 12 veker permisjon med full løn, får sveitsiske fedrar berre tre dagar løna permisjon i samband med fødsel.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske fedrar i særstilling

Aftenposten har undersøkt permisjonsordningane i 12 europeiske land, og det viser seg at norske, svenske og islandske fedrar står i ei særstilling.

– I mange europeiske land er det nok ikkje eit reelt val for fedrar å ta ut permisjon når barna er små fordi det betyr ein kraftig lønsreduksjon, seier Trude Lappegård i Statistisk sentralbyrå som forskar på familiepolitikk og fruktbarheit, til avisa.

Ho trur at dersom Noreg hadde blitt ramma av ei finanskrise kunne velferdsordningane for småbarnsforeldre bli skadelidande.

Permisjon i andre land
I Storbritannia kan mor ta ut permisjon i 52 veker, men berre dei seks første er lønte (90 prosent av løna). Etter dei seks vekene får mora 142 euro i veka. Far kan ta ut to veker permisjon med 90 prosent løn.

I Nederland er det permisjon i 16 veker med 100 prosent løn, der fedrar har rett til to av desse dagane. Både mødrer og fedrar kan ta ut opptil 26 veker ulønt permisjon fram til barnet er åtte år. Ulønt permisjon gjev skattelette.

Sveits har permisjon i 16 veker med full løn til mor. Tre dagar med fulløna permisjon til far.

I Danmark er det 52 veker permisjon med full løn. Mor må ta minst 18 av desse, medan far må ta to. Resten kan delast fritt.

Franskmennene har 16 veker permisjon med 100 prosent løn som blir delt mellom før og etter fødsel. Ved barn nummer tre aukar permisjonen til 26 veker. Far får to veker permisjon med full løn.

I Hellas er det 17 veker fullønt permisjon til mor, to dagar til far.