SV under sperregrensa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SV under sperregrensa

Rørslene mellom partia er små i innspurten av valkampen. Ap er svakt i siget framover, og Høgre og Framstegspartiet tilsvarande svakt i tilbakegang.

Langt meir dramatisk ser utviklinga ut til å vere for SV. Partiet fell frå eit gjennomsnitt på 4,5 prosent på alle meiningsmålingane i førre veke, til eit snitt så langt denne veka på 3,9 prosent.

Med daglege målingar kan bildet fort endre seg – men onsdag ettermiddag og oppdatert med dei siste tala frå InFact for VG – har SVs stortingsgruppe krympa frå 8 representantar til 1.

Dermed er avstanden mellom blokkene større enn på lenge. Dei raudgrøne får 66 stortingsplassar mot 100 til saman for Høgre, Framstegspartiet, KrF og Venstre. Samtidig er det framleis slik at både konstellasjonen Høgre/Frp og Høgre + KrF + Venstre er eit godt stykke unna fleirtal «aleine».

Arbeidarpartiet styrkjer posisjonen som det største partiet i landet med ei oppslutning på 29,8 prosent (+0,5 frå snittet førre veke). Høgre fell frå 28,6 prosent til 28,2 prosent og Framstegspartiet frå 14,7 prosent til 14,5 prosent.

PRØV VALGOMATEN VÅR!

Miljøpartiet Dei Grøne ser i augeblikket ut til å komme inn med tre representantar basert på det førebelse snittet denne veka på 3,6 prosent, ned frå 3,9 prosent i førre veke.

Dei andre småpartia – KrF, Senterpartiet og Venstre – har eit gjennomsnitt denne veka på høvesvis 5,3 prosent, 5,4 prosent og 6,2 prosent.

Onsdag ettermiddag var det publisert fire meiningsmålingar så langt denne veka; tre frå InFact for VG og éin frå Gallup for TV 2. (©NPK)